Cembalo

Cembalo var eit populært instrument i barokken. På dette instrumentet blir strengene knipsa med små lærtaggar eller fjører som er styrte av tangentane. Lokket var gjerne rikt dekorert. Instrumentet på biletet blei laga i Hamburg av Albrecht Hieronymus Haas og Andreas Völkert i 1732.

Av /Nationalmuseet.
Lisens: CC BY NC 3.0
Johann Sebastian Bach

Johann Sebastian Bach var ein av dei mest sentrale komponistane i seinbarokken. Måleri frå 1746 av Elias Gottlob Hausman, Museum für Geschichte der Stadt Leipzig.

Johann Sebastian Bach
Av /※.
Preludium i C dur

Temperert stemming gjorde det mogleg å spele rent i alle toneartar. Johann Sebastian Bach utnytta dette då han skreiv Das wohltemperierte Klavier (1722–1742), som inneheld 48 preludium og fugar i alle dur- og molltoneartar. Biletet viser «Preludium i C» i Bachs eiga handskrift.

Av /Bach Digital.
Sonata 1 frå Triosonatar, op.1, 1681

Døme på generalbassnotasjon i ein av Arcangelo Corellis triosonatar. Generalbass er ein akkompagnementspraksis der det blir improvisert på grunnlag av ein utskriven bassmelodi, med tal over eller under noteteikna for å angi akkordane. For ein sekstakkord blei til dømes tallet 6 brukt, for ein septimakkord i grunnstilling talet 7, og for ein sekundakkord (septimakkord med septim i bass) talet 2.

Barokken er ein kunsthistorisk periode med fellestrekk mellom kunstartane, der dynamikk og kontrast, perspektiv og ornament er blant dei viktigaste kjenneteikna. I musikken blir barokken vanlegvis tidfesta til om lag 1600–1750. Avgrensinga er omtrentleg fordi tendensar finst i musikk frå siste del av 1500-talet, og straumdrag som peika mot nye retningar, oppstod allereie i første del av 1700-talet.

Musikalske stiltrekk som blir knytte til barokken, er terrassedynamikk, vidarespinningsmelodikk, snirklete ornamentikk og ein jamn, «motorisk» rytme. Dei geografiske tyngdepunkta var Italia, Tyskland og Frankrike. Italia blir rekna for å ha gitt dei første impulsane og hadde ei stor rolle gjennom heile perioden.

Armide
Opera var en av de sentrale nye musikkformene i barokken. Fra en oppføring av Armide av Philippe Quinault og Jean-Baptiste Lully ved operahuset Théâtre du Palais-Royal i Paris
Av /Museum of Fine Arts, Boston.

Barokken som kunsthistorisk term

Gloger-orgelet i Kongsberg kyrkje
Gloger-orgelet i Kongsberg kyrkje er det største barokkorgelet i Norden. Det blei bygd i 1765 av Gottfried Heinrich Gloger (1710–1779) og restaurert i 1933 og 2001.

Barokken etterfølgde renessansen i den stilhistoriske tidslinja og blei avløyst av rokokko og klassisisme. «Barokk» var i utgangspunktet eit negativt lada ord med sannsynleg opphav i det portugisiske ordet barroco, som betyr «ufullkommen perle». Uttrykket blei etablert som kunsthistorisk nemning med positivt innhald i siste del av 1800-talet, og blei først nytta i samband med musikk og arkitektur.

Som universell europeisk stilhaldning kan barokken forståast på bakgrunn av religiøse, filosofiske, politiske og estetiske straumdrag frå siste del av 1500-talet. Ein viktig impuls kom via humanismen til renessansen, inspirert av etoslæra frå antikken. Både kyrkja og den sekulære makta hadde behov for kunst som symbol for makt og prakt. Patos og affekt, det storslåtte og overdådige, er nøkkelord som kan brukast i ein overordna karakteristikk av den kunstnariske aktiviteten i barokken.

Barokkmusikken – inndeling og særdrag

Den barokke musikkstilen hadde regionale forskjellar, men grunnleggjande fellestrekk kan identifiserast. Sjølv om desse er gjennomgåande kjenneteikn for musikken i perioden mellom renessansen og midten av 1700-talet, er det diskutabelt om barokkmusikken kan karakteriserast som ein einskapleg europeisk stil. Musikken gjekk gjennom omforming og utvikling i heile tidsrommet, og det er stor avstand i tid, geografi og musikalsk uttrykk mellom ytterpunkta.

Fleire måtar å systematisere og differensiere barokken på har blitt lansert med ulike stildrag som kriterium. Ei mykje brukt oversikt er tredeling i tidlegbarokk (1580–1630), høgbarokk (1630–1680) og seinbarokk (1680–1750).

Tidlegbarokk

I tidlegbarokken var distansering frå renessansepolyfonien, og forsøket på å gi teksten ei tydeleg tolking, essensielt. Ut frå denne idéen oppstod den akkompagnerte solosongen, den såkalla monodien, ei av dei mest vesentlege nyvinningane i barokken. Hegemoniet til vokalmusikken blei gradvis nedbygd, og instrumentalmusikken tredde fram som ein sjølvstendig kunstart. Teikn til oppløysing av det modale systemet kunne merkast allereie frå midten av 1500-talet.

Nokre aktuelle komponistar:

  • Claudio Monteverdi (1567–1643) skreiv nokre av dei første verkelege operaene. Han er også kjend for madrigalane sine og var ein av dei mest sentrale italienske komponistane i samtida.
  • Girolamo Frescobaldi (1583–1643) bidrog vesentleg til utviklinga av den sjølvstendige instrumentalstilen gjennom orgelverka sine.

Høgbarokk

I høgbarokken kom oppbygginga av storformene opera, oratorium og kantate, med resitativet og den etterfølgjande arien som viktige og obligatoriske bestanddelar. Samstundes blei sentreringa om eit tonalt senter i musikken gjord sterkare på kostnad av modaliteten, og nye tempereringar av instrumenta innbaud til fri utforsking av harmoniske forbindelsar. Instrumentalmusikk og vokalmusikk blei sidestilt, og kontrapunkt kom tilbake i den musikalske teksturen.

Nokre aktuelle komponistar:

  • Giacomo Carissimi (1605–1674) og Jean-Baptiste Lully (1632–1687) var operakomponistar av stor betydning, sistnemnde med spesielt ry for behandlinga og utviklinga av orkesteret i verka sine.
  • Dei tyske kyrkjemusikarane Heinrich Schütz (1585–1672) og Dietrich Buxtehude (1637–1707) hadde tyngdepunkta sine i høvesvis vokal- og orgelmusikk. Dei er stilistisk ulike, men begge øvde stor innverknad i samtid og ettertid.
  • Henry Purcell (1659–1695) står som ein typisk representant for den engelske barokkmusikken, med italienske og franske stiltrekk i blanding med tidleg engelsk uttrykk i komposisjonane.

Seinbarokk

I seinbarokken stod instrumentalmusikken i forgrunnen. Dei musikalske formene ekspanderte vidare, tidvis til stort omfang. Musikken blir kjenneteikna ved tonalitetsbasert harmonikk, streng dissonansbehandling og formstruktur. Kontrapunktisk sats nådde eit høgdepunkt, no knytt til og innordna dur/moll-tonaliteten.

I denne perioden oppstod musikken som mange primært knyter til barokken, særleg representert ved dei to store komponistnamna Johann Sebastian Bach (1685–1750) og Georg Friedrich Händel (1685–1759). Desse to blir ofte beskrivne som barokkmusikkens «fullendarar», fordi dei på ulik måte samanfattar og integrerer særdraga til barokkmusikken i eit eige, personleg tonespråk.

Andre sentrale komponistar:

  • François Couperin (1668–1733), hoffkomponist hos Ludvig 14 og den mest betydelege i musikarfamilien Couperin, med ei mengd cembaloverk og dessutan kammermusikk og motettar
  • Antonio Vivaldi (1678–1741), italiensk prest, fiolinist og komponist som skreiv ei stor mengd verk i ulike format, for både kyrkje og operascene

Musikalske nyvinningar i barokken

Barokken gav mange nyvinningar i musikken. Brotet med den tidlegare einskaplege musikkstilen var i seg sjølv ein innovasjon. To av dei viktigaste nyheitene var operaen og generalbasspraksisen.

Operaen hadde utspring i madrigalen frå 1500-talet, som var eit syngjespel med musikk. Den tidlegaste operaen vi har kjennskap til, blei framført i Firenze i 1597. Operaen utvikla seg raskt, med ulike retningar i Venezia, Napoli og Firenze som veksla om initiativet. Også i Frankrike og England var det tidleg aktivitet innan opera.

Generalbassprinsippet, også kalla basso continuo, markerte ein klar skilnad frå den tidlegare hovudvekta på polyfonien og endra klangbiletet frå å vere horisontalt orientert til vertikalt bestemt, der samklangen mellom melodien og akkompagnementet var det vesentlege. Generalbass var i bruk i dei fleste format gjennom heile barokken.

Oratorium, pasjon (oratorium knytt til forteljinga om Jesu lidingshistorie) og kantate var nye vokale former. I instrumentalmusikken oppstod solosonatar, triosonatar og kammerduettar, og i orkestermusikken concerto grosso og solokonsert. Den post-reformatoriske protestantiske koralen blei utgangpunkt for eit rikhaldig repertoar av orgelverk, ved sida av frie former som preludium, toccata, fantasi og fuge.

Retorikk, figurar og affektar

Sambandet mellom musikk og retorikk var tett i barokken. Føremålet var å røre ved folk og påverke med musikken gjennom retorisk basert strukturering av verket. Symbiosen mellom musikk og retoriske prinsipp var ein musikalsk rasjonalisme som er karakteristisk for tidsrommet.

Tanken om musikalske figurar står i nær tilknyting til den musikalske retorikken. Sjølv om det neppe har lukkast nokon å kategorisere eintydig meiningsinnhald i dei ulike musikalsk-retoriske figurane, var dei utvilsamt ein integrert del av eit overordna musikalsk paradigme i barokken. Det same kan seiast om affektane, idéen om at komponisten så å seie regisserte avbilding av emosjonar og abstraksjonar i heile verk, satsar eller avsnitt i verka. Det er vanleg å bruke omgrepa «figurlære» og «affektlære» om denne praksisen.

Også sambandet mellom musikk og matematikk interesserte musikkteoretikarane og komponistane. Interessa for talsymbolikk har fått fram mange undersøkingar av verka til både Bach og andre barokkomponistar med dette for auge. Fleire av studiane gir innsiktsfulle analysar som berikar kunnskapsbasen om emnet, men grensa mellom fakta og spekulasjon kan tidvis vere uklar. Det er likevel sannsynleg at Bach kjende til ulike nummeralfabet, og at han var godt orientert om samtidige diskusjonar i intellektuelle krinsar om talforhold og proporsjonar.

Nokre sentrale verk frå barokken

Komponist Verk År
Claudio Monteverdi Orfeo, opera 1607
Gregorio Allegri Miserere, korverk
Heinrich Schütz Jesu sju ord på krossen, oratorium rundt 1660
Henry Purcell Dido og Aeneas, opera 1689
Arcangelo Corelli Concerti grossi, opus 6 1714
Alessandro Scarlatti Sinfonia di concerto grosso, nr. 2 i D 1715
Tomaso Albinoni Concerto a cinque i d-moll, opus 9 nr. 2
Antonio Vivaldi Dei fire årstidene, fiolinkonsertar rundt 1725
Fløytekonsert i F-dur, opus 10 nr. 1
Johann Sebastian Bach Brandenburgerkonsertane 1721
Messe i h-moll 1747–1748
Goldbergvariasjonane, klaververk 1742
Toccata og fuge i d-moll, BWV 565, orgelverk
Georg Friedrich Händel Water Music, orkesterverk 1717
Music for the Royal Fireworks, orkesterverk 1749
Messias, oratorium 1742
Giovanni Battista Pergolesi La serva padrona, intermezzo 1733
Stabat mater 1736

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anderson, Nicholas: Baroque music: from Monteverdi to Handel, 1994, isbn 0-500-01606-2
  • Bukofzer, Manfred F.: Music in the Baroque era, 1947, isbn 0-393-09745-5,
  • Dalsgård, Jens: Barokbogen: musik, tanke og kultur i Europa 1600-1700, 2. udg., 1997, isbn 87-7783-918-8
  • Kindem, Ingeborg: Barokken, 1985, isbn 82-05-14400-1
  • Palisca, Claude V.: Baroque music, 1968
  • Schulenberg, David: Music of the Baroque, 2nd. ed., 2008, isbn 9780195331066

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg