moulinégarn

Plattsømsbroderi med moulinégarn

Artikkelstart

Moulinégarn er farga brodergarn av mercerisert bomull. Garnet består av seks deltrådar som er tvinna saman. I sjølve broderinga er det mest vanleg å nytte to eller tre deltrådar.

Faktaboks

Etymologi
til fransk mouliné, perfektum partisipp av mouliner ‘tvinne (silke)’

Garnet nyttast både til teljesaum og plattsaum.

Opprinneleg vart ordet brukt om silketråd som er tvinna saman av fleire tvinna enkelttrådar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg