Morfologi er den greina av språkvitskapen som utforskar og beskriv ordbøying og orddanning.

Faktaboks

Uttale
morfologˈi
Etymologi
klassisk gresk μορφή morphḗ ‘form’ og λογία logía ‘lære’; ordet blei laga av Johann Wolfgang von Goethe i 1796, om læra om forma til planter og dyr
Også kjend som

formlære

Morfologi blir også kalla formlære.

Nokre vanlege morfologiske termar

Fagfeltet språkleg morfologi er omfattande og samansett, og prega av stor fagleg usemje. Det finst ikkje berre eitt morfologisk beskrivingsapparat, men mange. I faglitteraturen blir dei omtala som morfologiske modellar; jamfør avsnittet Morfologiske modellar lenger nede.

Her følgjer ein presentasjon av ein del sentrale termar i morfologisk litteratur.

Leksem

I orda ordbøying og orddanning må ord forståast som leksem — det vil seie ordet sett på som ei leksikalsk eining, abstrahert frå dei enkelte bøyingsformene. Ein kan til dømes seie leksemet FEST har fire bøyingsformer — fest, festen, festar, festane. Leksemet blir ofte skrive med store bokstavar, for å skilje det frå dei enkelte bøyingsformene. Når ein til dømes spør kor mange ord det finst i det norske språket, meiner ein leksem. Då tel leksemet FEST som eitt ord, ikkje som fire.

Ordbøying

Ordbøying er den variasjonen i form som eit ord har for å uttrykkje ulike typar grammatisk informasjon eller for å passe inn i forskjellige grammatiske konstruksjonar. Dette kan illustrerast med desse setningane, som viser to bøyingsformer av verbet mate:

  1. Ola matar hesten sin.
  2. Ola mata hesten sin.
  3. No matar Ola hesten sin.
  4. I går mata Ola hesten sin.

I setning 1 og 2 er det forma på verbet matematar mot mata — som fortel om tidspunktet for hendinga. I setning 3 og 4 er tidspunktet uttrykt med adverbiala no og i går. Sidan det eine adverbialet viser til notida og det andre til fortida, må verbet ha ei grammatisk form som harmonerer med dei ulike tidspunkta — matar med no og mata med i går.

Orddanning

Orddanning er det å lage nye leksem. Det finst fire vanlege måtar å danne nye ord på:

  1. Samansetning – som fastlege, av fast plus lege
  2. Avleiing – som lærarʼ— av lær pluss ar
  3. Samantrekking – som burkini — av burka pluss bikini
  4. Forkorting – som SV og NATO — av forbokstavane i Sosialistisk Venstreparti og North Atlantic Treaty Organization

Ordform

Ordforma er ordet som ei lydleg eller skriftleg eining — til dømes den lydlege forma /¹baːr/ eller den sriftlege forma bar — uavhengig av tydinga.

Morfosyntaktisk ord

Eit morfosyntaktisk ord er eit ord definert som ein særskilt grammatisk variant av eit leksem. Eksempel er «preteritum av verbet BERE» og «bunden positiv av adjektivet GAMAL».

Her er sju morfosyntaktiske ord som er realiserte med same ordform:

  1. bar — preteritum av verbet BERE)
  2. bar — positiv, ubunden, eintal av adjektivet BAR 'naken'
  3. bar — ubunden, eintal av substantivet BAR 'greiner og kvister med nåler og skjelforma blad'
  4. bar — ubunden, eintal av substantivet BAR 'lokale der ein serverer drikkevarer over ein høg disk'
  5. bar — ubunden, eintal av substantivet BAR 'sandgrynne utanfor ei hamneinnsegling'
  6. bar — ubunden eintal av substantivet BAR 'måleeining for trykk'
  7. bar — imperativ av verbet BARE 'strø med (gran-)bar'

Substantivet ELV kan på nynorsk heite både elver og elvar i bunden fleirtal. Med andre ord er ordformene elver og elvar realisasjonar av det same morfosyntaktiske ordet:

  1. elver — bunden fleirtal av substantivet ELV
  2. elvar — bunden fleirtal av substantivet ELV

Grammatiske kategoriar og trekk

Eksempel på grammatiske kategoriar er kasus, numerus og tempus. Orda i eit språk kan ofte bøyast i fleire grammatiske kategoriar. Norske substantiv blir bøygde i dei grammatiske kategoriane numerus og binding (bestemtheit).

Ein grammatisk kategori inneheld fleire grammatiske trekk:

Morf

Det er vanleg praksis i morfologien å tenkje seg at ord er oppbygde av ein eller fleire «byggjeklossar» som ein kallar morfar. Ein morf blir til vanleg definert som den minste orddelen som har både uttrykk (ei skriftleg eller munnleg form) og tyding. Her er to norske døme:

  • uvennleg har tre morfar: u+venn+leg
  • kjærleiken har tre morfar: kjær+leik+en

Morfar blir nytta til både ordbøying og orddanning.

Leksikalske og grammatiske morfar

Morfane kan delast i to hovudgrupper, leksikalske og grammatiske:

  • Leksikalske morfar er slike som venn, hest, hus, år, snill, god, raud. Mange av dei kan stå aleine og har ei uavhengig og relativt spesifikk og konkret tyding.
  • Grammatiske morfar er slike som -en i hesten, -a i husa, -are i snillare, -t i raudt, u- i uvenn eller -leg i vennleg. Slike morfar må ofte stå saman med ein leksikalsk morf, og dei har ei meir generell og abstrakt tyding.

Rot, affiks og stamme

Den leksikalske morfen er «kjernen» i eit ord, og vi kallar denne kjernen for ei rot. Føre og etter rota kan vi leggje til grammatiske morfar, og dei kallar vi affiks:

  • uvennleg har tre morfar: u+venn+leg
    • venn er ei rot.
    • u og leg er affiks.
  • kjærleikenhar tre morfar: kjær+leik+en
    • kjær er eit rot
    • leik og en er affiks

Eit affiks som står føre rota, kallar vi eit prefiks, og eit affiks som står etter rota, kallar vi eit suffiks.

Når vi bøyer norske ord, legg vi som regel til ulike suffiks, som i bøyinga av substantivet fest og adjektivet festleg:

FEST FESTLEG
fest festleg
fest-en festleg-e
fest-ar festleg-are
festane festleg-ast
- festleg-ast-e

Den delen av ordet som er felles for alle bøyingsformene, er stamma til ordet. Med andre ord er fest- stamma til substantivet FEST, medan festleg- er stamma til adjektivet FESTLEG. Kjærleik- er stamma til substantivet KJÆRLEIK.

Nokre stammer har berre éin morf, som stamma fest-. Andre stammer består av fleire morfar, som stamma festleg-. Stamma festleg har av rota fest- pluss avleiingssuffikset -leg.

Formativ

Bøying og avleiing kan framstillast som at formativar blir lagde til ein base, som er ei stamme eller ei rot. Det finst segmentale bøyingsformativar og ikkje-segmentale bøyingsformativar.

Ein segmental formativ er det same som eit affiks. Det er ein eller fleire språklydar (fonem) (eller bokstavar i skriftspråket) som blir lagde til føre, inni eller etter basen. Det finst fleire typar affiks — prefiks, infiks, suffiks og sirkumfiks; jamfør artikkelen affiks og avsnittet om affiks ovanfor.

Ein ikkje-segmental formativ endrar sjølve basen. Vanlege ikkje-segmentale formativar er vokalendring, konsonantendring, trykkendring og toneendring. Tillegg av ein ikkje-segmental formativ blir kalt modifikasjon.

Norsk brukar både segmentale og ikkje-segmentale formativar, mellom anna for å danne preteritum av verb:

  • Ein segmental formativ (eit suffiks) blir lagd til stamma:
    • kast- ⇒ kast-a
    • mein- ⇒ mein-te
    • lev- ⇒ lev-de
  • Ein ikkje-segmental formativ (ei vokalendring) blir lagd til stamma:
    • skriv- ⇒ skreiv
    • bryt- ⇒ braut
    • ber- ⇒ bar
    • drikk- ⇒ drakk

Eksponens

Ein viktig del av morfologien er studiet av eksponens – tilhøvet mellom tyding og uttrykk i dei einskilde orda.

Tek vi presensforma sovnar av leksemet SOVNE som døme, er det stamma sovn som uttrykkjer tydinga ‘falle i søvn’ og suffikset ar som uttrykkjer tydinga ‘indikativ, presens’. Sagt på ein annan måte: sovn er eksponent for ‘falle i søvn’ og ar er eksponent for ‘indikativ, presens’. Vi kan òg seie at sov er eksponent for ‘liggje i ein medvitslaus kviletilstand’, medan n er eksponent for ‘inkoativ’.

Sjå meir i artikkelen eksponens.

Morfem og allomorf

I byrjinga av denne artikkelen blei termen morf innført, som eit namn på orddelar med ei eiga tyding eller ein eigen funksjon. Vi kan òg seie at morf er ei samnemning for røter og affiks (segmentale formativar).

Morfem blir i nokre teoriar brukt som namn på eit sett med morfar med same tyding eller funksjon. Til dømes har engelsk eit morfem FLEIRTAL, som kan følgje substantivmorfem. Dette morfemet blir mellom anna realisert som /z/, /s/ og /ɪz/, som i /ˈdɒɡ+z/ dogs, /ˈkæt+s/ cats og /ˈbʌs+ɪz/ buses. Morfane /z/, /s/ og /ɪz/ blir omtala som allomorfar av morfemet FLEIRTAL. På same vis er til dømes /ˈkæt/ ein allomorf av morfemet CAT. Nokre morfem har berre éin allomorf.

Forholdet mellom morfem og allomorfar kan framstillast slik, der pila (⇒) kan lesast som «blir realisert som»:

  • DOG+FLEIRTAL ⇒ /ˈdɒɡ-z/
  • CAT+FLEIRTAL ⇒ /ˈkæt-s/
  • BUS+FLEIRTAL ⇒ /ˈbʌs+ɪz/

Ein meir presis definisjon av morfologi

Meir presist kan morfologi definerast slik:

  • Morfologi er læra om eller utforskinga av fonologisk-semantisk likskap mellom orda i eit språk og av allmennspråklege generaliseringar over dette emnet. Fonologisk-semantisk likskap vil seie ein likskap mellom ord i både uttale og tyding.

Ein fordel med denne definisjonen er at han ikkje føreset omgrepa ordbøying og orddanning, som til dels er vanskelege å definere presist.

Definisjonen kan illustrerast med desse døma:

  • 1. Nokre ord liknar kvarandre berre fonologisk og ikkje semantisk:
    • bygg 'gras- og kornplante i grasfamilien (Hordeum)
    • stygg 'farleg, motbydeleg, uskikkeleg, vond'
  • 2. Nokre ord liknar kvarandre berre semantiskog ikkje fonologisk:
    • konge 'mannleg monark'
    • dronning 'kvinneleg monark eller kone til ein konge'
  • 3. Nokre ord liknar kvarandre både fonologisk og semantisk:
    • bakar 'person som har til yrke å bake'
    • forskar 'person som har til yrke å forske'

Det er relasjonar av type 3 som blir utforska og beskrivne i morfologien. Den fonologiske likskapen er at dei begge endar på trykkveik ar; den semantiske likskapen er 'person som har til yrke å …'. Orda bygg og stygg endar begge på ygg, men det er ingen semantisk likskap. Orda konge og dronning har begge ei tyding som inneheld 'monark', men det er ingen fonologisk likskap.

Morfologiske modellar

Det finst fleire måtar å beskrive den fonologisk-semantiske likskapen mellom ord på, og desse beskrivingsmåtane blir kalla morfologiske modellar. Dei ulike modellane byggjer på ulike språkvitskaplege teoriar om korleis språk skal beskrivast. Her er fire velkjende morfologiske modellar:

  • Antikk morfologi vart nytta i antikk gresk-romersk grammatikk, mellom anna i Institutiones Grammatica, hovudverket til Priscianus Caesariensis (omkring 500 evt.), som bygde på arbeid over gresk grammatikk av den aleksandrinske grammatikaren Apollonius Dyscolus (gresk Apollṓnios ho Dúskolos) (100-talet evt.). Modellen har spela ei sentral rolle i tradisjonell europeisk grammatikk heilt fram til våre dagar. Det karakteristiske er reglar som dannar bøyingsformer frå andre bøyingsformer, med utgangspunkt i ei leieform, utan eksplisitt oppdeling av orda i mindre delar.
  • Strukturalistisk morfologi vart utvikla av nordamerikanske strukturalistar som Leonard Bloomfield (1887—1949) og Charles Hockett (1916—2000) på 1930- og 1940-talet. Det karakteristiske ved denne modellen er termane morfem, allomorf og morf, som er laga etter mønster at dei strukturalistiske fonologiske termane fonem, allofon og fon, og ei uklar grensa mellom morfologi og syntaks. Modellen går også under namnet Item and Arrangement. Modellen har vore ein del av det teoretiske grunnlaget for generativ grammatikk.
  • Ord-og-paradigme–morfologi vart først og fremst utvikla av den britiske lingvisten Peter Hugoe Matthews (1934–2023) i boka Inflectional Morphology: A theoretical study based on aspects of Latin verb conjugation (1972). Karakteristisk for modellen er reglar som med segmentale og ikkjesegmentale formativar byggjer opp ordet frå røter og stammer. Matthews oppfatta modellen som ei modernisering av antikk morfologi, men det er ein klar påverknad frå Aṣṭādhyāyī, sanskrit-grammatikken til den indiske grammatikaren Pāṇini (truleg 400-talet fvt.).
  • Kognitiv morfologi vart utvikla av den amerikanske lingvisten Ronald Langacker (1942–) i tobandsverket Foundations of cognitive grammar(1987/1991) I motsetnad til modellane ovanfor foperer ikkje modellen med ikkje reglar, berre generaliseringar over og samanlikningar mellom ulike ord. Som andre delar av kognitiv lingvistikk byggjer kognitiv morfologi på tesen om at språk og språkbruk må sjåast i lys av allmenne mentale prosessar som ikke berre gjeld språk, men også andre kognitive område. Dette utelukkar mange særeigne mekanismar som finst i dei andre modellane. Ein nærskyld modell finst i Morphology: A study of the Relation between Meaning and Form(1985) av den amerikanske lingvisten Joan Bybee (1945–).

Morfologisk typologi

Den morfologiske strukturen i språka i verda varierer sterkt, og i språkvitskapen er det ein gamal tradisjon å klassifisere språk etter to målestokkar for å beskrive denne variasjonen:

  • Grad av syntese: Kor mange morfar er det per ord?
    • Di færre morfar det er per ord, di meir isolerande er språket.
    • Di fleire morfar det er per ord, di meir syntetisk er språket.
  • Grad av fusjon: Kor klart er morfane skilde frå kvarandre?
    • Di klarare grensene er mellom morfane, di meir agglutinerande er språket.
    • Di meir uklare grensene er mellom morfane, di meir fusjonerande er språket.

Isolerande språk

Dei språka som er mest isolerande, har berre éin morf per ord. Då er graden av fusjon ikkje relevant. Eit av dei mest isolerande språka i verda er vietnamesisk. Ingen ord blir bøygde, slik at grammatiske forhold er uttrykte med ordstilling og grammatiske partiklar. Orddanning skjer ved samansetning og reduplikasjon. Ledda i samansetningar og redupliserte ord er alltid klart åtskilde, og blir skrivne som to ord:

  • Samansetning: nhà máy 'fabrikk' av nhà 'maskin' pluss máy 'hus'
  • Reduplikasjon: vàng vàng 'vere gulaktig' av vàng 'vere gul'

Agglutinerande språk

Agglutinerande språk er per definisjon syntetiske, for dei føreset fleire morfar per ord. Eit typisk agglutinerande språk er tyrkisk. Tyrkiske ord kan innehalde fleire avleiings- og bøyingssuffiks, men grensa mellom ulike morfar er i stor grad heilt tydeleg, som vist i bøyingsformene av substantivet EL 'hand' i tabellen under, der grensa mellom morfane er merkt med ein bindestrek. Det finst eigne, klart åtskilde suffiks for fleirtal, akkusativ og dativ.

Tyrkisk EL 'hand' eintal fleirtal
nominativ el el-ler
akkusativ el-i el-ler-i
dativ el-e el-ler-e

Syntetiske språk

Også syntetiske språk er per definisjom syntetiske, sidan dei òg føreset fleire morfar per ord. Typisk syntetiske språk er islandsk og nordsamisk. I motsetnad til i agglutinerande språk kan ikkje orda delast opp i klart åtskilde morfar slik som i agglutinerande språk som tyrkisk. Nokre bøyingsformer av ordet for 'hand' i islandsk og nordsamisk viser dette klart:

Islandsk HÖND 'hand' eintal fleirtal
nominativ hönd hend-ur
akkusativ hönd hend-ur
dativ hend-i hönd-um
genitiv hand-ar hand-a
Nordsamisk GIEHTA 'hand' eintal fleirtal
nominativ giehta gieđa-t
akkusativ/genitiv gieđa gieđa-id
illativ gihti-i gieđa-ide

Både på islandsk og nordsamisk kan ein dele orda i stamme og suffiks, men stamma varierer mellom bøyingsformene og eitt og same suffiks uttrykkjer både numerus og kasus. Skiljet mellom nominativ og akkusativ/genitiv eintal er berre uttrykt ved stammevariasjon i nordsamisk.

Syntetiske språk med mange fleire morfar per ord enn det som er vanleg i europeiske språk, blir kalla polysyntetiske. Ofte svarer ordet i slike språk til heile setningar i europeiske språk. Mange kaukasiske språk, eskimoisk-aleutiske språk og amerikanske urfolkspråk er døme på dette. Her er eit døme frå grønlandsk:

  • kaffiliussanngilanga 'eg skal ikkje lage kaffi'

Ordet kan analyserast slik:

kaffi -liu -ssa -nngi -langa
kaffi lage framtid ikkje eg

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (3)

skreiv Kjetil Gundersen

Hei!

Eg ser artikkelen "Morfologi" vart sterkt korta ned i juli 2022. Kvifor det, da? Det var interessant det som stod der.

Vennleg helsing
Kjetil Gundersen

skreiv Rolf Theil

Hei!
Eg var ganske misnøgd sjølv, fordi eg meiner artikkelen var mykje meir komplisert enn han trong vere. Difor arbeider eg no med ei ny utgåve, som eg ganske snart skal leggje ut.
Beste helsing,
Rolf Theil

skreiv Rolf Theil

Hei!
Det var litt korttenkt av meg å stryke den gamle artikkelen før den nye var ferdig, så eg har lagt inn den gamle att.
Rolf Theil

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg