Moralpsykologi handlar om individets forståing av moralske prinsipp og korleis dei blir følgde opp i handling. Psykologien har særleg interessert seg for korleis barns moralvurderingar blir utvikla i løpet av sosialiseringsprosessen og i forhold til den kognitive og den personlegdomsmessige utviklinga.

Faktaboks

Uttale
morˈalpsykologi

Særleg kjent er diskusjonar om stadium i moralutviklinga (Jean Piaget, Lawrence Kohlberg), og moglege skilnader mellom menns og kvinners forståing av moral (Carol Gilligan).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg