Mogop i Stor-Elvdal
Mogop i Stor-Elvdal
Lisens: CC BY SA 3.0
Mogop i Stor-Elvdal
Mogop i Stor-Elvdal
Lisens: CC BY SA 3.0
Mogop i Ottadalen
Mogop er svært karakteristisk og lett gjenkjenneleg sjølv etter avblomstring.
Mogop i Ottadalen
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Mogop (Pulsatilla vernalis)
Mogop (Pulsatilla vernalis)
Lisens: CC BY SA 3.0

Mogop fotografert av foto G.HAAS. Tilgjengeleg under CC BY-NC-SA 2.0

.
Lisens: fri
Utbreiing av mogop

Naturleg utbreiing av mogop (Pulsatilla vernalis). Basert på data frå Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).

Utbreiing av mogop

Mogop er ei fleirårig urt i soleiefamilien. Mogop er ført opp på Artsdatabanken si raudliste for artar som nær trua (2021).

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pulsatilla vernalis
Beskriven av
(L.) Mill.
Raudlistestatus i Noreg
NT – Nær truet
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Eigenskapar

Mogop er ei omlag 10–20 cm høg plante med breiflika grunnblad og smalflika stengelblad. Bladrosetten overvintrar. Både blada og stenglane er lodne, medan dei lyseraude til blåfiolette blomane er silkehåra. Blomane er sette saman av seks blomeblad, og fruktene som vert danna, smånøtter, vert spreidde med vinden.

Utbreiing

Planta veks på tørr furumo, beitemark og på rabb i fjellet.

Bruk

Mogop var fylkesblome i tidlegare Oppland fylke, og er stilisert i fylkesvåpenet til det same fylket.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Rike Planteriket Plantae
Rekkje Dekkfrøa planter Angiosperms
Klasse Tofrøblada planter Eudicots
Orden Ranunculales
Familie Soleiefamilien Ranunculaceae
Slekt Kubjølleslekta Pulsatilla
Art Mogop Pulsatilla vernalis

Raudlistestatus

Mogop er på Artsdatabanken si raudliste for artar ført opp som nær trua (NT) (2021). Bakgrunnen er ein forventa reduksjon i populasjonsstorleik som følge av klimaendringar og opphøyr av beitedrift.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

mogop
Pulsatilla vernalis
Tidlegare vitskapleg namn
Anemone vernalis L.
Artsdatabanken-ID
103134
GBIF-ID
3928615

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg