Nattverd i Nordberg kirke.

/Digitalt Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Messe er ei kristen gudsteneste med nattverd.

Faktaboks

Etymologi
latin missa, frå utsendingsordet i messa, Ite! missa est, med noko usikker tyding

Nemninga messe er frå tidleg mellomalder og blei brukt om nattverdsgudstenesta i kyrkja i Vest-Europa. I norsk språkbruk blir messe brukt om nattverdsgudsteneste i Den norske kyrkja. Å messe blir også brukt som eit verb som betyr at delar av messa blir sungne av presten.

I tidleg kristendom

I tidleg kristendom delte ein messa i to hovuddelar, missa catechumenorum (messa til katekumenane) og missa fidelium (messa til dei truande). Katekumenane var udøypte som gjekk i opplæring for å bli døypte. Under den første delen av messa, som bestod av innleiing, tekstlesing, preike og forbønn, kunne også dei udøypte vere til stades. Under den andre delen, som bestod av nattverden, hadde berre dei døypte tilgang.

Messeledd

Pave Gregor den store fastla forma for den klassiske messa på slutten av 500-talet. Denne forma består av ledd som er like frå gong til gong, og ledd som skiftar innhald frå gong til gong, avhengig av kyrkjeåret. Dei like ledda blir kalla ordinarium missae, og dei skiftande ledda proprium missae.

Ordinarium missae

Proprium missae

  • inngangssongen
  • songen mellom skriftlesingane
  • songane før og etter nattverden
  • bønner, særleg kollektbønna

Språk

Den katolske messa var tidlegare i hovudsak på latin. Frå slutten av 1960-talet blei morsmålet i kvar enkelt kyrkje teke i bruk i messefeiringa.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg