Marskrikse
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Marskrikse er ein middels stor tranefugl i riksefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og Karibia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Rallus longirostris
Beskriven av
Boddaert, 1783

Vaksne hannar veg rundt 320 gram og hofuglane rundt 270 gram.

Arten er knytt til strandeng/strandsump, mangroveskog og myr. Marskrikse er i stor grad altetande og lever mellom anna av virvellause dyr (invertebratar), plantedelar og små varmblodige dyr som han finn i vassoverflata og på bakken.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt ti egg som blir ruga ut i løpet av ca. 22 dagar. Ungane forlèt reiret om lag ni veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Marskrikse lever vanlegvis i rundt åtte år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

marskrikse
Rallus longirostris
Artsdatabanken-ID
175526

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg