Måleri av Henry Fuseli, «Marerittet» (1781).

Oljemåleriet «Marerittet» (1781) av Henry Fuseli.

Av /Detroit Institute of Art.

Mare var i folketrua som oftast ein kvinneleg kveledemon som framkalla vonde draumar og trykk over brystet når ho reid eit menneske eller dyr. Ordet mareritt er sett saman av mare og ritt.

Faktaboks

Også kjend som
oftast i bestemt form mara, murua, i austlandske dialektar ofte muru

Mara kunne vere ei gamal, ugift kvinne som gjekk att og plaga folk, men ho kunne òg ha ein dyreliknande skapnad.

Diktaren Ludvig Holberg skriv i sin «Lifs og Lefneds Beskrifuelse» frå 1702 at då han kom til prestegarden på Voss for å arbeide som huslærar, var han svært plaga av mara. For å få bukt med plaga la han stål under hovudputa, las mareverset og sette skorne sine slik at dei vende ut frå senga.

Vern mot mara var stål og marekvist.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bø, Olav (1987): Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru. Oslo: Det Norske Samlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Hodne, Ørnulf (2011): Mystikk og magi i norsk folketro. Oslo: Cappelen Damm

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg