Mandsju — på mandsju manju gisun ᠮᠠᠨᠵᡠ ᡤᡳᠰᡠᠨ — er eit språk som høyrer til den sørlege greina av den tungusiske språkfamilien.

Faktaboks

Uttale

[¹mandʂʉ]

Etymologi

av mandsju manju ᠮᠠᠨᠵᡠ, av ukjend opphav

Om mandsju skal reknast som eit levande talespråk, kjem an på om ein reknar sibe som ein dialekt av mandsju. Sjå meir i avsnittet Historie.

Historie

Dsjurtsjen-hovdingen Nurhaci ᠨᡠᡵᡥᠠᠴᡳ (1559–1626)
Palace Museum, Beijing (故宫博物院).
Lisens: Brukerspesifisert

Mandsjuane er etterkomarar av dsjurtsjen-folket (mandsju jušen ᠵᡠᡧᡝᠨ, kinesisk nǚzhēn 女真, engelsk Jurchen), som regjerte i Nord-Kina under Jin-dynastiet (kinesisk Jīn cháo 金潮) (1115–1234). Dsjurtsjen-språket blei skrive med to skriftsystem som likna – men likevel var forskjellig frå – kinesisk skrift. Desse skriftsystema gjekk etter kvart av bruk, og den yngste kjende dsjurtsjen-innskrifta er frå 1526.

I 1599 sette dsjurtsjen-hovdingen Nurhaci ᠨᡠᡵᡥᠠᠴᡳ (1559–1626) to lærde, Gagai og Erdeni, til å revidere det mongolske alfabetet slik at det høvde betre til å skrive dsjurtsjen-språket. Frå 1620-talet blei skrifta vidare revidert. Sjå meir i avsnittet Skrift.

Nurhaci blei etterfølgd av sonen Hong Taiji ᡥᠣᠩ ᡨᠠᡳᠵᡳ (kinesisk Huáng Tàijí 皇太极) (1592–1643), som i 1635 endra namnet på folket sitt frå jušen ᠵᡠᡧᡝᠨ 'dsjurtsjen' til manju ᠮᠠᠨᠵᡠ 'mandsju'. Tydinga til ordet manju ᠮᠠᠨᠵᡠ er ukjend, og det same er grunnen til at Hong Taiji gjennomførte denne endringa.

I 1644 invaderte mandsjuane Běijīng 北京 og tok makta i Kina. Dei grunnla Qing-dynastiet, som styrte Kina heilt fram til 1912 og var det siste keisardynastiet. Hong Taiji ᡥᠣᠩ ᡨᠠᡳᠵᡳ døydde i 1643 og den første mandsju-keisaren blei sonen hans, Shunzhi-keisaren (kinesisk Shùnzhì 顺治) (1638–1661), som hadde mandsjunamnet Fulin ᡶᡠᠯᡳᠨ (kinesisk Fúlín 福临).

Etter at Qing-dynastiet var etablert, budde dei fleste mandsjuar i Běijīng eller i garnisonar i ulike delar av keisarriket. Gjennom heile Qing-dynastiet var mandsju administrasjonsspråk ved sida av kinesisk, og det blei produsert fleire millionar dokument, men som talespråk begynte det å gå tilbake med mandsju alt på slutten av 1600-talet. På 1700-talet sette regjeringa i gang eigne studieprogram for mandsju, men tilbakegangen heldt fram.

Etter revolusjonen i 1911 blei mandsjuane forfølgde. I Mandsjuria heldt kunnskapen i mandsju seg noko lenger, og det kom ut tidsskrift på mandsju i den republikanske perioden. På 1950-talet fanst det eldre folk i avsidesliggjande delar av Mandsjuria som framleis snakka mandsju, men sidan den gongen har språket gradvis døydd ut som talespråk i desse områda. Sjølv om språket i stor grad har gått av bruk, har mandsjuane – ei folkegruppe på over 10 millionar menneske – hatt status som etnisk minoritet i Folkerepublikken Kina sidan 1952.

I 1764 blei kring 3000 mandsjutalande menneske flytta frå Mandsjuria til Ili-dalen lengst vest i Xinjiang. Mens mandsju har døydd ut som talespråk i Mandsjuria og andre delar av Kina, har det levd heilt fram til i dag i Ili-dalen, under namnet sibe gisun ᠰᡳᠪᡝ ᡤᡳᠰᡠᠨ 'sibe-språket' (kinesisk xībó yǔ 锡伯语). Sibe blir snakka av mellom 20 000 og 30 000 menneske i Sibe Cabcal autonome fylke (Cabcal Sibe beye dasangga siyan ᠴᠠᠪᠴᠠᠯ ᠰᡳᠪᡝ ᠪᡝᠶᡝ ᡩᠠᠰᠠᠩᡤᠠ ᠰᡳᠶᠠᠨ) lengst vest i den kinesiske provinsen Xinjiang (kinesisk Xīnjiāng 新疆), ved grensa mot Kasakhstan. Sibe er undervisningsspråket i fleire grunnskular, og det kjem ut bøker og tidsskrift på språket, som blir skrive med mandsju-alfabetet. Sibe-folket, som tel om lag 190 000 menneske, har status som ein eigen etnisk minoritet i Kina. Sibe kan reknast som ein dialekt av mandsju, og spelar ei viktig rolle for å utforskinga av mandsju, ikkje minst når det gjeld uttale.

Grammatikk

Leddstilling

Mandsju er eit SOV-språk, som inneber at subjektet (S) normalt står først i setninga, verbalet (V) står sist og andre ledd, mellom anna objektet (O), kjem mellom desse to, som illustrert i denne setninga:

  • ᠪᡳ ᠪᡳᡨᡥᡝ ᠪᡝ ᡥᡡᠯᠠᠮᠪᡳ
  • bi bithe be hūlambi
  • eg (bi) bok (bithe) akkusativ (be) les (hūlambi)
  • 'eg les ei bok'

Eit subjektspronomen er ofte utelate:

  • ᠪᡳᡨᡥᡝ ᠪᡝ ᠰᡠᠸᡝᠨᡩᡝ ᠪᡠᠮᠪᡳ
  • bithe be suwende bumbi
  • bok (bithe) akkusativ (be) dykk-dativ (suwen-de) gir (bumbi)
  • '(nokon) gir ei bok til dykk'

Kasus

Mandsju har fem kasus, som er uttrykte med markørar som står sist i nomenfrasen, som suffiks eller postposisjonar:

Nominativ, akkusativ og dativ er illustrerte i setningane i førre avsnitt. Denne setninga – som bokstavleg tyder 'frå mandsju [er] kinesisk vanskeleg' – illustrerer ein særskild bruk av ablativ:

  • ᠮᠠᠨᠵᡠ ᡤᡳᠰᡠᠨ ᠴᡳ ᠨᡳᡴᠠᠨ ᡤᡳᠰᡠᠨ ᠮᠠᠩᡤᠠ
  • manju gisun ci nikan gisun mangga
  • mandsju (manju) språk (gisun) ablativ (ci) kinesisk (nikan) språk (gisun) vanskeleg (mangga)
  • 'kinesisk er vanskelegare enn mandsju'

Genitiv kan illustrerast med denne nomenfrasen:

  • ᠮᠠᠨᡠ ᡤᡠᡵᡠᠨ  ᡳ ᡤᡳᠰᡠᠨ
  • manju gurun i gisun
  • mandsju (manju) land (gurun) genitiv (i) språk (gisun)
  • 'mandsjulandets språk'

Verbet

Verbet i mandsju blir bøygt i modus (indikativ, imperativ, desiderativ og optativ) og aspekt (imperfektiv, perfektiv). Det kongruerer ikkje med andre setningsledd. Dei to setningane i avsnittet Leddstilling har begge imperfektiv-suffikset -mbi ᠮᠪᡳ. Perfektiv kan mellom anna ha suffikset -he ᡥᡝ, som i denne setninga:

  • ᠠᡴᠰᡠ ᡩᡝ ᡤᡝᠨᡝᡥᡝ
  • Aksu de genehe
  • Aksu (Aksu) dativ (de) drog (genehe)
  • '[Dei] drog til Aksu'

Fonologi

Eit mandsjuord kan ikkje begynne med meir enn éin konsonant. Mellom vokalar kan det stå opp til to konsonantar. I slutten av eit ord kan det ikkje stå meir enn éin konsonant.

Vokalar

I skrift skil mandsju mellom desse seks vokalane, her presenterte i vanleg translitterasjon (i kursiv) og i ein IPA-transkripsjon som viser det ein reknar med har vore uttalen:

fremre sentral bakre
i [i] - u [u]
- - ū [ʊ]
- e [e, ǝ, o] -
- - o [ɔ]
- a [ä] -

Det finst òg ei rekkje diftongar.

Konsonantar

I skrift skil mandsju mellom desse konsonantane, her presenterte i vanleg translitterasjon (i kursiv) og i ein IPA-transkripsjon som viser det ein reknar med har vore uttalen:

labial alveolar postalveolar dorsal
b [p] d [t] j [ʧ] g [k, q]
p [pʰ] t [tʰ] c [ʧʰ] k [kʰ, qʰ]
f [f] s [s] š [ʃ] h [x, χ]
m [m] n [n] ng [ŋ, ɴ]
w [ʋ, w] l [l] - y [j]
- r [r] - -

Forholdet mellom dei velare konsonantane [k, kʰ, x, ŋ] og dei uvulare konsonantane [q, qʰ, χ, ɴ] er uklart. Skiljet er fonemisk i sibe, og kan ha vore det i mandsju. Vokalen ū [ʊ] blir analysert som ein allofon av same fonemet som u [u], og blir brukt i staden for u for å markere at ein føregåande dorsal er uvular.

Skrift

Mandsju-namnet på Kina, Dulimbai gurun ᡩᡠᠯᡳᠮᠪᠠᡳ ᡤᡠᡵᡠᠨ, bokstavleg 'Midtens rike'. Det er direkte omsett frå kinesisk Zhōngguó 中国.

Som nemnt i avsnittet Historie er mandsju-alfabetet ei modifisert utgåve av det mongolske alfabetet, som via eit eldre uigurisk alfabet og det sogdiske alfabetet stammar frå det arameiske alfabetet.

I 1599 sette dsjurtsjen-hovdingen Nurhaci ᠨᡠᡵᡥᠠᠴᡳ (1559–1626) to lærde, Gagai ᡤᠠᡤᠠᡳ og Erdeni ᡝᡵᡩᡝᠨᡳ, til å revidere det mongolske alfabetet slik at det høvde betre til å skrive dsjurtsjen-språket. Frå 1620-talet blei skrifta vidare revidert ved at det blei sett til ein del prikkar og sirklar for å gjere ho meir eintydig. Denne reviderte skrifta – mandsju tongki fuka sindaha hergen ᡨᠣᠩᡴᡳ ᡶᡠᡴᠠ ᠰᡳᠨᡩᠠᡥᠠ ᡥᡝᡵᡤᡝᠨ 'skrift med prikkar og sirklar' – var i bruk gjennom heile Qing-dynastiet (mandsju Daijing gurun ᡩᠠᡳᠵᡳᠩ ᡤᡠᡵᡠᠨ, kinesisk Qīng cháo 清朝), frå 1644 til 1912.

Bokstavane blir skrivne ovanfrå og nedover i vertikale linjer, frå venstre mot høgre. Bokstavane har ulik form i ulike posisjonar i ordet. Dette kan illustrerast med ᠨᡳᡴᠠᠨ nikan 'kinesisk', som både begynner og sluttar med konsonanten n.

På biletet til høgre står det Dulimbai gurun ᡩᡠᠯᡳᠮᠪᠠᡳ ᡤᡠᡵᡠᠨ, som er mandsju-namnet på Kina. Dulimbai ᡩᡠᠯᡳᠮᠪᠠᡳ er genitiv av dulimba ᡩᡠᠯᡳᠮᠪᠠ 'sentrum, midte' og gurun ᡤᡠᡵᡠᠨ tyder 'land, rike'; det er med andre ord ei direkte omsetjing av kinesisk Zhōngguó 中国, bokstavleg' 'midtens rike'. Skrifta er brukt i denne artikkelen, men av tekniske grunnar horisontalt frå venstre til høgre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Karl Robin Vidén

Ettersom språket heter mandsju (som den etniske gruppe), bør vel 'mandsju - språk' være hovedoppslagsord?

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg