Målbruk i offentleg teneste, viser til bruken av skriftspråk i staten og kommunane. Dette vert regulert dels av lover og forskrifter, dels av kommunale vedtak, dels av konvensjonar.

Dei første føresegnene om bruk av bokmål og nynorsk i staten voks fram i 1920-åra, og i 1930 kom lov om målbruk i statstenesta. Lova vart i 1981 avløyst av lov om målbruk i offentleg teneste (mållova), som igjen vart avløyst av lov om språk (språklova) i 2020.

Språklova har dei mest grunnleggjande føresegnene om språk i offentleg teneste.

Lover, forskrifter og konvensjonar

Lov om språk (språklova) frå 2020 fremjar likestilling mellom bokmål og nynorsk og gir vern og status for dei språka som staten har ansvar for. I dette ligg det ei særleg føring om at offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål, nynorsk, samiske språk, samt å verne om og fremje kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.

Lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) frå 1980 fastsette at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for staten, fylkeskommunar og kommunar. Dei nærmare reglane om bruken av bokmål og nynorsk gjeld berre for staten.

Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (samelova) vart vedteken i 1987, språkdelen i 1990. Lova fastset at samisk og norsk er likeverdige språk. Lova har reglar for bruk av samisk i og overfor forvaltningsområdet for samisk språk, reglar for rett til opplæring i samisk og reglar om omsetjing til samisk av lover og forskrifter som har særleg interesse for den samiske befolkninga.

Lov om stadnamn (stadnamnlova) frå 1990 regulerer skrivemåten av stadnamn som skal takast i skriftleg bruk av offentlege organ.

Bruken av bokmål og nynorsk i administrasjonen til ein kommune eller fylkeskommune er ikkje regulert ved lov eller forskrift. Administrasjonsmålet vert fastsett ved vedtak i kommunen og fylkeskommunen. Det kan òg gjerast nærmare vedtak om korleis administrasjonsmålet skal praktiserast. Etter mållova § 5 kan ein kommune gjere vedtak om å krevje bokmål eller nynorsk i skriv frå statsorgan. Det er oftast, men ikkje alltid, samsvar mellom administrasjonsmålet og den målforma kommunen har gjort vedtak om etter § 5 i mållova.

Den nordiske språkkonvensjonen frå 1987 fastset at nordiske statsborgarar skal kunne bruke morsmålet sitt i kontakt med styresmaktene i eit anna nordisk land. Konvensjonen gjeld dansk, finsk, islandsk, norsk og svensk. Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige er i konvensjonen samde om å gjere sitt beste for å tilby nordiske statsborgarar språktenester når det er behov for det.

Domstolslova frå 1915 har reglar for bruk av norsk, bruk av omsetjingar og bruk av tolk. Påtaleinstruksen har reglar for omsetjing av ymse dokument. Den europeiske menneskerettskonvensjonen har føresegner om bruk av tolk i straffesaker.

Plikt til å bruke tolk i bestemte situasjonar følgjer elles av informasjons- og rettleiingsplikta i forvaltningslova frå 1967. Forskriftene til utlendingslova frå 1988 har føresegner om tolking. Forskriftene til pasientrettslova frå 1999 har føresegner om tilrettelagd kommunikasjon for samiskspråklege, framandspråklege og personar med funksjonshemmingar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg