Lov om forbod mot samkvem med fienden er ei norsk lov som forbyr samkvem (som omgang og samband) med fienden i krigstid. Lova er ei del av beredskapslovane som blei vedtekne etter andre verdskrigen som varige føresegner som ville tre inn igjen ved eventuelt nytt krigsutbrot eller overhengande fare for krig. Kongen bestemmer når lova skal tre i kraft.

Faktaboks

Fullt namn
lov om forbod mot samkvem med personar som har tilhald på fiendeområde o.a
Kortnamn
lov om forbod mot samkvem med fienden
Vedteken
15.12.1950
Lovdata-ID
NL/lov/1950-12-15-3

Lova forbyr samkvem med stat som Noreg er i krig med, fysisk person som bur eller har fast tilhald på fiendeområde, og juridisk person som har hovudsete på fiendeområde eller som er under kontroll av fiende.

Lova forbyr både samkvem og handlingar som kan vere eigna til å skaffe fordelar for dei som er omfatta av lova som fiendar. Med fordelar blir regna mellom anna å gjere avtalar, ta på seg skuld (gjeld), yte tenester og få tenester. Alle typar meldingar er òg forbodne.

Brot på lova kan straffast med bøter og/eller fengsel i inntil 3 år.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg