Livkjole er ein kjoletype for kvinner der eit ermelaust liv er sydd fast til ein stakk, i motsetnad til ermekjolen. Denne fasongen har danna utgangspunkt for mange av dei broderte bunadane som vart skapte på 1900-tallet.

Faktaboks

Også kjend som
flak-kjole (Oppland), rumpefrakk, snippkjole, spisskjol (Odal), spælvest (Gudbrandsdalen), spælfrakk (Oppdal) sulurompe (Romsdal), snippkjole, snibel

Livkjole er òg eit mannsplagg, ei trøye med lange flak bak og rett avskoren i livhøgd. Fasongen går tilbake til motedrakta for menn frå omkring 1800.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg