Utstilling av likkledet i Torino i 2010
Likkledet i Torino blir rekna av mange som ein av dei viktigaste relikviane i kristendommen. Det blir sjeldan vist fram til publikum. Førre gongen var i 2015, då to millionar skodelystne kom.
Av /NTB Scanpix.
Likkledet i Torino
Av /NTB Scanpix.

Likkledet i Torino er eit tøystykke av lin som lenge blei rekna for å vera Jesu likklede. Vitskaplege prøver har vist at kledet sannsynlegvis er frå mellomalderen og difor er ei forfalsking. Det blir framleis diskutert om likkledet er ekte. På grunn av uvissa om dette omtaler den katolske kyrkja ofte kledet som eit symbol.

Faktaboks

Også kjend som

Sindon Taurinensis (latin), Shroud of Turin (engelsk), Sindone di Torino (italiensk), Turiner Grabtuch (tysk)

Likkledet måler 436 × 110 cm og viser eit bilete av fram- og baksida av ein mannskropp. Kroppen har sår som er i samsvar med såra Jesus fekk under lidinga og krossfestinga si, slik det er skildra i evangelia i Det nye testamentet. Likkledet i Torino blir difor rekna av mange som kledet som blei brukt til å balsamera kroppen til Jesus etter at han døydde, og er verdsett av mange som ein av dei viktigaste relikviane i kristendommen.

Likkledet er i dag oppbevart i Den kongelege tribunen, i venstre del av transeptet (tverrskipet) i Døyparen Johannes' katedral i Torino i Italia. Det er verna av skotsikkert glas og blir oppbevart i eit klimakontrollert miljø. I 2002 blei likkledet restaurert.

Likkledet blir sjeldan vist fram til publikum. Førre gong var i 2015, då to millionar skodelystne kom. Publikumsvisningar finst omtrent kvart tiande år. Dei mest nylege var i 2015, 2010, 2000, 1998 og 1978. Den neste offentlege utstillinga er planlagd for 2025.

Historie

I Det nye testamentet blir det skildra eit klede eller fleire tøyremser som blei brukte i balsameringa av Jesu lekam (Matteusevangeliet 27,59, Markusevangeliet 15,46, Lukasevangeliet 23,53 og Johannesevangeliet 19,40). Det finst ingen dokumentasjon av kledet frå Jesu tid og fram til mellomalderen.

Det har blitt hevda at kledet kom frå Midtausten til Europa med tempelriddarar i mellomalderen, men denne reisa er udokumentert. Éin teori er at kledet blei sendt til Edessa frå Jerusalem og seinare til Konstantinopel, der det blei teke av franske krossfararar.

Den første visninga av det likkledet me kjenner i dag i Torino, er dokumentert i Lirey i Frankrike på midten av 1300-talet. Geoffrey de Charny, den første europeiske eigaren av likkledet, bygde ei kyrkje i heimbyen Lirey for å stilla ut kledet. Barnebarnet til de Charny, Margret de Charny, arva kledet i 1453, og gav det seinare til hertug Louis av Savoia, i byte for eigedom.

I 1502 fekk likkledet ein ny heim i kapellet Sainte Chapelle i Chambéry, og same år gav pave Gregor 13 avlat til besøkjande pilegrimar. I 1506 fekk likkledet sitt eigen festdag, 4. mai, av pave Julius 2. Likkledet kom deretter til Torino i 1578, for å etablera Torino som den nye hovudstaden i hertugdømmet Savoia. Kledet blei verande i Savoia-familien heilt til 1983, då Umberto 2 av Savoia testamenterte det til den katolske kyrkja.

Brann

I 1997 brann katedralen i Torino der kledet blei oppbevart. Italiensk brannvesen knuser glaset som vernar likkledet, for å redda det frå brannen.
/NTB Scanpix.

Likkledet har blitt råka av to brannar. I 1532 blei kledet redda frå ein brann i Sainte Chapelle i Chambéry, men det blei likevel skadd, då smelta sølv frå relikvieskrinet det låg i, fall på eit hjørne av det bretta kledet. Brannskadane danna fire par doble trekantformer på likkledet, som blei restaurert av klarissene i 1534. Det er desse skadane som er mest synlege i dag. I tillegg fekk kledet vasskadar under brannsløkkinga.

I 1997 overlevde det endå ein brann, denne gongen i kapellet i Torino. Likkledet kom unna uskadd.

Kapellet i Torino

Døyparen Johannes' katedral i Torino
Likkledet blir oppbevart i Døyparen Johannes' katedral i Torino.

Mellom 1668 og 1694 blei eit nytt relikvie-kapell, teikna av arkitekten Guarino Guarini, bygd i Torino. Kapellet blei plassert mellom katedralen i Torino og slottet (Palazzo Reale), og det blei brukt til å oppbevara og visa fram likkledet. Kapellet blir rekna som eit barokt meisterverk. Kapellet blei stengt i 1990 for restaurering, og likkledet blei flytta til sin noverande oppbevaringsplass i Den kongelege tribunen i 1993. Kapellet blei fullstendig øydelagt i brannen i 1997. Etter 21 års restaurering blei Guarinis kapell opna opp att i 2018.

Vitskaplege prøver og karbondatering

Det har vore stor interesse for vitskapleg testar som kan datera kledet og identifisera kvar det kjem frå. Prøvene har mellom anna omfatta fotografi, mikroskopiske undersøkingar, hematologi, pollenanalysar, radiografi og C-14-dateringar. Først og fremst har desse studiane og vitskaplege undersøkingane prøvd å stadfesta eller avkrefta at likkledet er ekte. Mange av resultata frå desse prøvene strir mot kvarandre.

Dei motstridande resultata kjem ofte frå to leirar med ulike synspunkt. På den eine sida står dei som har som mål å motbevisa at kledet er ekte. På den andre sida står dei – ofte truande – som ønskjer å bevisa at kledet er ekte. Begge sider bruker vitskaplege metodar for å føra bevis for synspunktet sitt.

Prøvene har så langt kome med følgjande resultat, og mange er mangelfulle eller strir mot kvarandre: Likkledet har vore datert til mellom 1260 og 1390. Jernoksid, ei kjemisk sambinding, har blitt oppdaga i «blodflekkene», men denne kan oppstå både på grunn av gamle restar frå blod og på grunn av måling. Andre testar viser stor mengd av pollen frå planteartar som veks i Midtausten, og kan bidra til å underbyggja antakinga om at kledet er eit tøystykke som sannsynlegvis er produsert i Jerusalem eller omland.

Resultat

I 1978 gjekk ei gruppe forskarar, kjend som STURP (Shroud of Turin Research Project), i gang med vitskaplege undersøkingar av likkledet. Etter kort tid kunngjorde forskarane at figuren som kan sjåast i likkledet, ikkje kan vera eit måleri.

I 1988 blei likkledet, ved hjelp av C-14-datering, datert til mellom år 1260 og 1390 av tre forskingsgrupper. Dette resultatet førte til at likkledet blei rekna for å vera ei forfalsking frå mellomalderen. Studien blei publisert i tidsskriftet Nature i 1989. Det er denne dateringa som gjeld framleis. Dateringa har seinare blitt trekt i tvil. I 2019 opna ei gruppe internasjonale forskarar saka på nytt, og sette spørjeteikn ved materialet som blei brukte under dateringa frå 1988. Desse forskarane påstod at råprøva, som blei teken frå kanten av likkledet, ikkje var til å stola på fordi ho sannsynlegvis var kontaminert etter fleire hundre år med handtering av kledet og forandringar i materialet etter brannen i 1532. Nye prøver har enno ikkje blitt utførte.

Pollenprøver som blei tekne mellom 1970- og 1990-talet, tydde på at kledet opphavleg kom frå Midtausten, sannsynlegvis frå Jerusalem, og frå før år 700. Studiar av veven i kledet har også peika mot at det sannsynlegvis er frå før mellomalderen.

Kledet består av to typar inntrykk: dei som er skildra som blodflekkene, og biletet av sjølve figuren. Det er framleis omstridd korleis biletet av figuren på kledet har blitt skapt, og om blodflekkene kom før eller etter biletet av figuren.

Forsking på blodflekkmønster og blodtypar har blitt utført sidan 1980-talet med varierte resultat og konklusjonar. I forskinga på dei raude flekkene har ein funne jernoksid, det vil seia jern som har blitt eksponert for oksygen. Jernet kan anten vera frå gammalt blod, eller frå målingspigment. I 1999 blei det publisert forsking som tydde på at blodflekkene var av blodtype AB. Dei seinaste resultata frå forsking på blodflekkmønster frå 2018, gjort av rettsmedisinske forskarar, viser at blodflekkmønsteret er urealistisk.

Sjølv om mange av desse prøvene har vist at likkledet sannsynlegvis er frå mellomalderen, og kanskje er ei forfalsking, har det framleis ikkje kome nokon avgjerande teori om korleis biletet av figuren på kledet blei skapt.

Fotografi

Likkledet i Torino (negativ)
Likkledet i Torino (negativ)
Av /Musée de l'Élysée, Lausanne.

Fotografering er ein viktig del av historia til likkledet. Kledet blei første gong fotografert av amatørfotografen Secondo Pia (1855–1941) i 1898. Ved å justera eksponeringstida og lyskjeldene klarte Pia å fanga det første klare biletet av figuren som er det er eit avtrykk av i kledet. Avtrykket er vanskeleg å skilja med berre auga, men det trer klarare fram gjennom fotonegativar i svart-kvitt. Difor blir avtrykket i likkledet ofte kalla «eit negativt bilete». Sidan 1800-talet har likkledet i Torino først og fremst blitt kopiert og vist gjennom fotografi, med Giuseppe Enrie som den første offisielle fotografen av kledet i 1931.

Likkledet i dag

I dag blir det framleis diskutert om likkledet er ekte, men diskusjonen handlar ikkje lenger i så stor grad om kampen mellom tru og vitskap. Den kan heller skildrast som ein diskurs om – og i kor stor grad – vitskapen kan vera heilt sannferdig, og korleis ulike prøver av same objekt kan føra til resultat som strir mot kvarandre.

Sidan resultata frå karbondateringa i 1988 har den katolske kyrkja aldri uttalt eit offisielt standpunkt i spørsmålet om gjenstanden er ekte eller ikkje. Den katolske kyrkja pleier å skildra likkledet i Torino som eit symbol for Kristi liding, eller som eit «ikon for kjærleiken.»

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg