Logo
17 bondeeigde samvirkebedrifter er tilslutta samarbeidsorganet Norsk Landbrukssamvirke.
Av .

Landbrukssamvirke er dei økonomiske organisasjonane i landbruket. Det er ei rekkje samvirkeorganisasjonar i det norske jordbruket innan sal av landbruksprodukt (mellom anna Tine og Nortura), innkjøp («felleskjøpa»), avl (Geno og Norsvin) og bank og forsikring.

I tillegg til den reint forretningsmessige verksemda har mange av dei økonomiske organisasjonane oppgåver som interesseorganisasjonar. Dei er òg engasjerte i produsentrådgiving, kvalitetsarbeid og forsking. Landbrukssamvirket deltek òg i internasjonalt samarbeid på ei rekkje område, mellom anna i utviklingsland.

Medlemene har rett og plikt til å levere til eller kjøpe frå vedkomande organisasjon (plikta gjeld ikkje maskinar og liknande). Medlemskapen er normalt knytt til gardsbruket, og ikkje til eigaren personleg. Dei fleste bruk er tilslutta minst éin av organisasjonane.

Dei ulike organisasjonane

17 bondeeigde samvirkebedrifter er knytte til samarbeidsorganet Norsk Landbrukssamvirke. Samvirkebedriftene har ei samla omsetning på rundt 75 milliardar kroner, har i alt 50 000 eigarar og sysselset omkring 17 000 personar (2018).

Salssamvirket

Salssamvirka, til dømes Tine og Nortura, skal omsetje produkta rasjonelt og effektivt. Dei skal drive marknadsregulering etter retningslinjer frå Omsetningsrådet ved geografisk utjamning, lagring frå overskots- til underskotsperiodar, reguleringseksport eller reguleringsimport og dessutan prisutjamning for alternativ bruk av visse varer.

Samvirkeorganisasjonane tek på denne måten del i den offentlege forvaltninga av jordbrukspolitikken etter omsetningslova.

Innkjøpssamvirket

Logo
Innkjøpssamvirket skal skaffe medlemene sine fullverdige driftsmiddel, mellom anna mineralgjødsel, kraftfôr, såvarer og maskinar, til rimelege prisar.
Av .

Innkjøpssamvirket («felleskjøpa») skal skaffe medlemene sine fullverdige driftsmiddel, mellom anna mineralgjødsel, kraftfôr, såvarer og maskinar, til rimelege prisar. Innkjøpssamvirket driv òg forsøksverksemd på fleire område, som møller, kornsiloar, produksjon av teknisk utstyr og fôrblandingar med meir. Felleskjøpa var organiserte i distriktsorganisasjonar med Norske Felleskjøp som fellesorgan fram til 2020. Norske Felleskjøp blei då avvikla som eige selskap, og aktivitetane blei lagde til Felleskjøpet Agri SA, som er produsentsamvirket for korn med ansvar for marknadsreguleringa for korn. Denne endringa blei gjort av omsyn til samvirkelova. Det er no to Felleskjøp i Noreg: Felleskjøpet Rogaland Agder og Felleskjøpet Agri SA.

Bank- og forsikringssamvirket

Landkreditt SA er eit samvirkeføretak eigd av 10 500 næringsdrivande bønder, der kriteria for medlemskap er knytte til samhandling med definerte produkt i dotterselskapet Landkreditt Bank AS. Føremålet til Landkreditt er å betre økonomien til medlemene og kundane gjennom å tilby gode finansløysingar til landbruket.

Gjensidige Forsikring er med røter i bygdebrannkassene blant Noregs eldste samvirketiltak frå byrjinga av 1800-talet. Konsernet har ein sterk posisjon i landbruksmarknaden når det gjeld forsikring for bønder og samvirkebedriftene.

Avlssamvirket

Geno SA er eigd av 10 500 norske storfebønder som er organiserte i samvirke. Genos hovudoppgåver er avl og utvikling av NRF-kua (norsk raudt fe). I dette ligg forsking og utvikling og drift av avlssystem.

Norsvin er eit samvirkeføretak (SA) eigd av 1563 norske svineprodusentar. Norsvin er eit internasjonalt avlsselskap, med utvikling, produksjon og sal av svinegenetikk som viktigaste oppgåver.

Andre samvirkeformer

Utanom dei nemnde organisasjonane finst det ei rekkje samvirketiltak og -former. Bønder som har kvar si driftseining, samarbeider ofte om felles driftsløysingar gjennom ulike typar samdrift. Gjennom samdrift, fellesfjøs, fellessetrar og avløysarringar kan dyrestellet rasjonaliserast. Fleire gardar går saman om bruk av maskinar (maskinstasjonar, -lag og -ringar). Gjennom forsøksringane får kvar enkelt bonde direkte kontakt med plantekulturforskinga.

Bondens Marked SA gir bønder høve til å selje produkt direkte til forbrukarane. Inn på tunet-samvirke bruker garden som ressurs for å tilby tenester innan helse og omsorg, til barn og unge og dessutan arbeidstrening og rehabilitering.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv Finn Bjørnå

Hei, delen om innkjøpssamvirke er litt utdatert. Det er nå to Felleskjøp i Norge: Felleskjøpet Rogaland Agder og Felleskjøpet Agri. Norske Felleskjøp er ikke et samarbeidsorgan for Felleskjøpene; FKRA meldte seg ut for noen år siden. Her er mer om hva organisasjonen Norske Felleskjøp driver med nå: https://www.fk.no/om-norske-felleskjoep

svarte Guro Djupvik

Hei, Finn.
Takk for innspillet! Jeg har lagt inn en kvalitetsvurdering til fagansvarlig, så feilen blir rettet.

Vennlig hilsen Guro Djupvik, redaktør

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg