Løyert er ein slags madrass eller ei pute som ein brukte i staden for det stramme lindebandet ein brukte å reive born med på 1800-talet.

Faktaboks

Også kjend som
madrass

Trekket på desse madrassane eller putene kunne faldast eller bindast saman rundt barnet.

Seinare er løyert brukt om eit poseforma spedbarnsplagg som barnet ikkje klarte å sparke av seg medan det sov.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Ellen Andersen: Danske dragter, Moden i 1700- årene; Moden 1790–1840

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg