Læresetning er ei setning som kort og konsist uttrykkjer ein grunntanke i ei vitskapleg eller religiøs lære. Dette kan me også kalla ein doktrine eller eit dogme.

Ordet blir også brukt om ei setning eller ein påstand som ikkje er sjølvinnlysande, men som må underbyggjast gjennom eit bevis. Slike påstandar blir gjerne kalla teorem. Sjølvinnlysande påstandar som ikkje treng underbygging, heiter aksiom.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg