Kunnskapsbasert praksis betyr at avgjerder og handlingar blir styrt av kunnskap. Ordet blir særleg brukt i samanheng med yrkesutøving, og viser då til at yrkesutøvaren har ein bestemt kunnskap som han eller ho utøver sitt yrke i tråd med. Advokaten eller frisøren veit kva og korleis ein skal gjere ting, og derfor nyttar me ikkje kven som helst når me treng ein advokat eller frisør. Omgrepet blir likevel også nytta om andre felt, til dømes kunnskapsbasert politikk.

Alle yrker er baserte på kunnskap i denne tydinga. Men når ein snakkar om kunnskapsbasering, tenkjer ein helst på den typen yrke som gjerne blir kalla profesjonar, stundom også meir generelt på ekspertar. Ein lege eller ein lærar baserer sin praksis på eit særskilt kunnskapsgrunnlag. Ein viktig del av denne kunnskapen er av spesialisert teoretisk eller vitskapeleg art, som oftast tileigna gjennom høgare utdanning. Ekspertar og profesjonelle tek denne kunnskapen i bruk for å løyse praktiske oppgåver og utføre tenester for klienten og samfunnet.

Praksis og ideal

Uttrykket «kunnskapsbasert praksis» kan bli brukt både for å beskrive ein bestemt type praksis og normativt for å understreke ein kvalitet ved arbeidet. I det første tilfellet betyr det at ein viss praksis, til dømes profesjonell yrkesutøving, er basert på ein viss type kunnskap, enten denne kjem frå forsking, erfaring eller andre kjelder.

Men ofte blir uttrykket nytta normativt, som eit ideal: Yrkesutøvinga bør vere kunnskapsbasert. For å redusere risikoen for at ein lege eller ein lærar tek avgjerder om behandlingsmetode eller undervisingsmetode på sviktande grunnlag, bør dei i større grad la seg styre av pålitelege kunnskapskjelder, samt halde seg oppdaterte på nye lover og standardar.

Kunnskap, forsking, evidens

Dersom ein så spør kva type kunnskap det er tale om i kunnskapsbasert praksis, får me ulike uttrykk og omgrep som ofte blir blanda saman, men som det kan vere nyttig å halde frå kvarandre. Me kan då skilje mellom kunnskapsbasert, forskingsbasert og evidensbasert praksis.

I vidaste forstand betyr «kunnskapsbasert praksis» berre at ein skal ta avgjerder basert på kunnskap, enten denne kunnskapen kjem frå forsking eller erfaring, og enten kunnskapen er teoretisk eller praktisk. Med ei slik vid tyding er frisøryrket, der kunnskapen primært er utvikla gjennom praktisk øving, like mykje kunnskapsbasert som legeyrket, som i større grad kviler på høgare studiar av vitskapeleg art. Likevel er dette berre ein gradsforskjell, sidan frisørar også tek i bruk teoretisk kunnskap, og legar også baserer seg på personleg erfaring.

I litt snevrare forstand betyr det forskingsbasert eller forskingsinformert praksis. Då tenkjer ein seg at yrkesutøvinga i størst mogleg grad skal vere basert, ikkje på kva kunnskap som helst, men på vitskapeleg kunnskap. Legen må tilrå behandling ut frå kva medisinsk forsking seier, og læraren må leggje opp undervisinga etter kva pedagogisk forsking seier, i det minste der forskinga gir klare tilrådingar om kva som er best å gjere.

Dersom me snevrar uttrykket endå meir inn, får ein det som blir kalla evidensbasert praksis. Ofte blir kunnskapsbasert praksis nytta synonymt med evidensbasert praksis, medan andre gonger skil ein mellom dei.

Ifølgje idealet om evidensbasert praksis bør yrkesutøvinga vere basert, ikkje på kva forsking som helst, men på systematiske oversikter over effektstudiar, der såkalte randomiserte kontrollstudiar blir rekna som den metoden som gir den mest solide kunnskapen om kva tiltak som verkar best (den såkalla «gullstandarden»). Andre typar forsking, til dømes intervjustudiar, samt praktisk erfaring, blir då rekna som mindre pålitelege kunnskapskjelder.

Ei slik inndeling i meir eller mindre pålitelege kunnskapskjelder, ofte kalla «kunnskapshierarkiet» eller «evidenshierarkiet», impliserer ikkje at tilhengjarar av evidensbasert praksis ønskjer at ein skal sjå fullstendig vekk frå praktisk erfaring. Den mest brukte definisjonen av evidensbasert praksis seier at det handlar om å integrere «beste tilgjengelige forskningsevidens med klinisk ekspertise og pasientverdier», der klinisk ekspertise står for det skjønnet som ein opparbeider seg gjennom erfaring. Likevel blir tilhengjarar av evidensbasert praksis ofte kritisert for å nedvurdere skjønn og personleg erfaring, og for å fremje ei standardisering av praksis som ignorerer individuelle omsyn.

Kunnskap og etikk

Spørsmål om kunnskapsbasering har også ei moralsk side. Dette viser seg i mange definisjonar av kunnskapsbasert praksis, der kunnskap om ønska og behova til brukarane inngår som ein komponent. Men det viser seg også i korleis profesjonsutøvarar forheld seg til kunnskap.

Profesjonar er kjenneteikna både av eit særskilt kunnskapsgrunnlag og av ein yrkesetikk, og desse heng nært saman. Å utøve ein profesjon fører med seg eit stort ansvar. Dette ansvaret veks ut av at den profesjonelle har utstrakt råderett over behandling og stor makt over klienten. Når ein pasient legg helsa i hendene på legen eller foreldre legg barna sine i hendene på læraren, har dei tillit til at han eller ho utøver arbeidet sitt ansvarleg, det vil seie med kompetanse og respekt. Dette inneber at pasienten eller eleven har moralsk krav på kompetent profesjonell behandling, og at den profesjonelle har ei moralsk plikt til å prøve å gi dette. Det inneber også at den profesjonelle har plikt til å halde fagkunnskapen sin oppdatert, sidan det vitskapelege kunnskapsgrunnlaget for profesjonsutøving er i stadig endring.

Til hjelp for profesjonsutøvarar er det utvikla ulike databasar som har som mål å gjere forskingsresultat og kunnskapsressursar lettare tilgjengeleg, til dømes Helsebiblioteket og Kunnskapssenter for utdanning.

Andre kunnskapskjelder

Sjølv om kunnskapsbasert praksis gjerne impliserer ei vekt på forskingsbasert kunnskap, vil det også alltid vere andre typar kunnskap involvert i yrkesutøvinga.

For det første er erfaringsbasert kunnskap uunngåeleg for ein profesjonsutøvar. Gjennom langvarig øving byggjer ein seg opp ei erfaring som hjelper ein til å sjå både utfordringar og løysingar.

For det andre er tilbakemeldingar frå brukarane ein viktig del av kunnskapsbasert praksis, om enn dette i ulik grad er ein systematisert og koordinert del av praksisen. Ein fysioterapeut eller lege er til dømes avhengig av god kommunikasjon med pasienten for å vite korleis behandlinga verkar.

For det tredje har dei fleste yrker i dag, også dei som tradisjonelt har vore omtalt som praktiske, eit større innslag av spesialisert kunnskap som endrar seg. Til dømes må handverkarar heile tida halde seg oppdaterte på nye standardar og lovverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bøyum, Steinar (2017). Profesjonell kunnskapsetikk og intellektuelle dygder i profesjonsutdanning. I: Sølvi Mausethagen og Jens-Christian Smeby (red.), Kvalifisering til profesjonell yrkesutøvelse. Oslo: Universitetsforlaget
  • Molander, Anders & Terum, Lars Inge (2008). Profesjonsstudier – en introduksjon. I: Anders Molander & Lars Inge Terum (red.), Profesjonsstudier (side 13–27). Oslo: Universitetsforlaget.
  • Sackett, David L.; Straus, Sharon E.; Richardson, Scott; Rosenberg, William & Hayens, R. Brian (2000). Evidence-based medicine: How to practice and teach EBM. Edinburgh: Livingstone.

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg