Krøllhokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Krøllhokko er ein stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Crax fasciolata
Beskriven av
von Spix, 1825

Som vaksen er fuglen ca. 80 cm lang, hannfuglar veg rundt 2,8 kilo og hofuglane rundt 2,2 kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog. Krøllhokko lever av frukt som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

krøllhokko
Crax fasciolata
Artsdatabanken-ID
174412

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg