Krigsskatt er eit namn på to ulike typar skatt som krigførande statar historisk har pålagt både si eiga befolkning og befolkninga i område dei okkuperer.

Vanlegvis blir ordet krigsskatt brukt om skattar som ein krigførande stat krev inn i eit okkupert område, såkalla kontribusjon. Under andre verdskrigen tok Tyskland og Italia opp lån hos nasjonalbankane i dei okkuperte områda for dei beløpa som trongst. Den store mengda pengar som blei sett i sirkulasjon på denne måten, medførte ein sterk inflasjonsfare og i enkelte land stor skade på heile pengevesenet.

Til ei viss grad blir ordet krigsskatt òg brukt om ekstraordinære skattar som staten pålegg si eiga befolkning i krigstid eller på grunn av ein krig. Føremålet er dels å skaffe pengar til krigføringa, dels å få krigslån betalt snarast mogleg, dels å motverke inflasjon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg