Kortnebbkråke
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Kortnebbkråke er ein fugl i kråkefamilien og ein av dei største sporvefuglane i verda. Arten finst på Ny-Caledonia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Corvus moneduloides
Beskriven av
Lesson, R, 1831

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 310 gram og hofuglane rundt 250 gram.

Arten er knytt til dyrkbar mark, tørr og fuktig tropisk skog, fuktig tropisk buskmark og tørr tropisk grasmark. Kortnebbkråke lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), frukt og frø som han finn på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kortnebbkråke
Corvus moneduloides
Artsdatabanken-ID
181909

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg