Koppskatt var ein skatt som ramma alle skattepliktige personar likt, utan omsyn til kva evne personane hadde til å betale skatten (skatteevne), altså ei primitiv form for personskatt. Koppskatt førekom ofte i oldtida og var i bruk i nokre land til nyare tid – i Russland til 1885. Som oftast har koppskatt vore ilagd den vaksne mannlege befolkninga.

Faktaboks

Etymologi

av tysk kopf, hovud, eigentleg «hovudskatt»

I Danmark-Noreg er det mest typiske dømet Frederik 5. sin ekstraskatt i samband med opprustingane mot Russland.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg