Fiolinkonsert

I ein konsert er kontrasten mellom eit orkester og ein eller fleire solistar det viktigaste kjenneteiknet. Fiolinisten Viviane Hagner framfører fiolinkonsert nr. 5 i a-moll av komponisten Henri Vieuxtemp med orkesteret Orpheus Chamber Orchestra i Carnegie Hall i New York.

Fiolinkonsert
Av /Getty Images.

Konsert er ei musikalsk form kjenneteikna av ein kontrast mellom to eller fleire ensemble, vanlegvis eit orkester og ein eller fleire solistar. Konserten har vore ei av dei viktigaste formene i klassisk musikk sidan midten av 1700-talet.

Faktaboks

Uttale
konsˈert
Etymologi
frå italiensk concerto 'samklang av stemmer og instrumenter', til latin concertare 'stride sammen, kappes'.
Også kjend som

concerto

Sjølv om konserten aldri har hatt den same prestisjen som symfonien, er det skrive like mange konsertar som symfoniar. Gjennom verk for uvanlege soloinstrument har fleire mindre komponistar fått innpass i det klassiske standardrepertoaret, og nye instrument og speleteknikkar har blitt introdusert i orkestermusikken gjennom dei.

Kontrasten mellom orkester og solist har ofte vore sett på som ein metafor for forhaldet mellom individ og kollektiv i samfunnet. Den romantiske konsertane har i sær ofte vore forstått som metaforar for den tragiske helten i litteraturen.

Ordet konsert er i dag brukt både om komposisjonsforma og om musikkframføringar, sjå konsert.

Form

Nicoló Paganini
Fiolinkonsertane til Nicolò Paganini var meir krevjande å spela enn noko ein hadde høyrt tidlegare.
Av .

Satsinndeling

Ein konsert er kjenneteikna av kva for instrument som er solist, og dette går gjerne att i namnet, til dømes «klaverkonsert». Tradisjonelt har dei fleste konsertar vore skrivne i tre satsar:

  1. lengre hurtig sats som introduserer orkesteret og solisten
  2. langsam sats
  3. lettare, hurtig avsluttingssats

Kadens

Kadensen er eit særtrekk ved konserttradisjonen. Mot slutten av satsar finn ein ofte ei lengre passasje med virtuost materiale for solisten, gjerne utan orkesterarrangement og i fritt tempo. I mange tilfelle er ein kadens indikert med ein fermate, utan vidare notasjon, og det er forventa at solisten skal improvisera. Sidan slutten av 1700-talet har det stadig blitt vanlegare at komponistar skriv kadensane ut sjølv, ofte i samråd med ein aktuell solist, og stundom har utøvarar jamvel skrive kadensar til eksisterande konsertar.

Ritornell-form og -prinsipp

Tidlege konsertar er kjenneteikna av at orkesteret spelar opp att variantar av den same ideen, kalla eit ritornell, som er fråskilde av soloparti. Vanlegvis har fyrstesatsen i ein tidleg konsert fem ritornell og fire soloar. Medan dei to ytre ritornella er gjerne fullstendige, kan dei indre ritornella vere avkorta. Soloane er stundom basert på idear frå ritornellet, men kan òg vere heilt frie, og ritornellet blir difor elementet som held satsen ihop.

Medan solopartia gjerne modulerar, held ritornell seg i ein toneart. Dette er mest vanleg i fyrstesatsar; seinare satsar har ofte nedkorta variantar med færre soloar. Somme komponistar, som Johann Sebastian Bach (1685–1750) i Brandenburg-konsertane, prøvde å skapa større kontinuitet i verka gjennom å la skilja mellom ritornell og solo bli mindre openberre.

Konsert og sonatesatsform

I klassisismen tok konserten til seg aspekt av sonatesatsform. Av særlege trekk kan ein nemne dobbeleksposisjonen, der ein versjon av eksposisjonen fyrst er spela av orkesteret og deretter av solisten/ane; det er berre den siste som modulerar. Kadensen fell her mot slutten av reprisen.

I romantikken sette komponistar gjerne heller soloane som ein del av ein vanleg sonatesatsform.

Historie

Heinrich Schütz

Heinrich Schütz skreiv kyrkjeverk med fleire ensemble, som han kalla konsertar.

Av .

Ein finn døme på musikk med kontraster mellom ulike ensemble gjennom heile musikkhistoria. Namnet konsert går attende til kyrkjeverk frå 1500- og 1600-talet, som dei geistlege konsertane til Andrea (1532/1533–1585) og Giovanni Gabrieli (1557–1612) og Heinrich Schütz (1584–1672), der ulike orkester- og/eller korgrupper kunne opptre både separat og felles. Denne tradisjonen heldt seg lenge nok til at Bach titulerte nokre av kyrkjekantatene sine som konsertar.

Samstundes gjorde operaen at tanken på ein solist mot eit orkester gjeldande i den verdslege musikken, og fiolinfamilien utvikla seg til å bli det leiande virtuousinstrumentet. Båe desse tendensane leidde til framveksta av ein reint instrumental parallell til den geistlege konserten.

Tidleg 1700-tal

Gjennom notetrykk av verka til Arcangelo Corelli spreidde konsertforma seg gjennom Europa.

.
Lisens: fri

I barokken finn ein tre konserttyper, avhengig av kva for ensemble som var brukt: Ein solokonsert har ein solist, ein concerto grosso har eit solistensemble (concertino) og eit orkester (ripieno); ein orkesterkonsert har ingen eigentlege solistar, men solistiske innslag blant orkesterstemmene, og i sær fyrstefiolinen.

Alessandro Stradellas (1643–1682) sonate for trompet og strykarar er ofte rekna som den fyrste concerto grossoen. Gjennom dei tolv konsertane i Arcangelo Corellis (1653–1713) op. 6 (trykt i 1714) spreidde denne forma seg kring heile Europa fyrst på 1700-talet. Antonio Vivaldi (1674–1741) gav solokonserten (og tre-satsforma) eit liknande gjennombrot, og dette skulle bli den viktigaste konsertforma seinare i hundreåret.

Seint 1700-tal

Kring midten av hundreåret gjennomgjekk konserten dei same endringane som andre genrar, der ein meir songaktig, klar melodikk og oppdelte fraser erstatta den eldre tendensen til kontinuerleg vidarespinning. Fyrstesatsar blei heretter gjerne skrivne i ein variant av sonatesatsform, medan sluttsatsen gjerne var ein rondo.

At solokonserten blei så populær kjem i stor grad av at dei ofte blei framførte med komponisten sjølv som solist, som gjorde klaverkonserten i sær blei eit høve for komponistar til å syna seg fram som utøvarar, noko som mellom anna var tilfelle for Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) og Ludwig van Beethoven (1770–1827). Concerto grossoen forsvann, men ein finn ein annan fleirsolistkonsert kalla sinfonia concertante, som gjerne hadde to til fire solistar på ulike instrument.

Romantikk og nytid: to konserttypar

Edvard Grieg
Edvard Griegs klaverkonsert (1868) i A-moll var det store gjennombrotsverket hans og har forblitt eitt av dei mest populære verka hans.
Edvard Grieg
Av /NTB Scanpix ※.

Etter 1800 finn ein grovt sett to konserttradisjonar som eksisterte side om side. På den eine sida fekk solistar enno meir plass enn tidlegare i virtuouskonserten, eksemplifisert med konsertane til Nicolò Paganini (1782–1840) og Franz Liszt (1811–1886). På 1900-talet får slike konsertar ofte eit konservativt musikalsk preg, noko ein mellom anna kan sjå i klaverkonsertane til Sergej Rachmaninov (1873–1943).

Samstundes finn ein konsertar som prøver å fanga monumentaliteten til symfonien i konsertform. Ein reknar gjerne denne tradisjonen for å byrja med fyrste klarinettkonserten (1811) til Carl Maria von Weber (1786–1826), og den andre klaverkonserten (1878) til Johannes Brahms (1833–1897) er det klassiske dømet. Skiljet mellom dei to er ikkje absolutt, og ein kan finne verk som prøver å sameina dei to, som i klaverkonserten (1868) til Edvard Grieg (1843–1907), det viktigaste norske bidraget til repertoaret.

Konserten har heldt seg i bruk fram til våre dagar og har vore ein genre i utviklinga av nye stilar. Til dømes er fiolinkonserten (1935) til Alban Berg (1885–1935) eitt av få atonale verk som har blitt ein del av standardrepertoaret, og det var gjennom konsertane at Elliott Carter (1908–2012) etablerte seg som ein av dei viktigaste modernistiske komponistane i USA. Etter 1900 har ofte standardforma i tre satsar vorte forkasta, men utan at nokon ny standard har oppstått.

Romantikk og nytid: instrumentering

Alban Berg

Fiolinkonserten til Alban Berg er eitt av få tolvtoneverk som har blitt ein del av konsertrepertoaret.

Av /NTB Scanpix ※.

I motsetnad til mangfaldet på 1700-talet er konserten på 1800-talet dominert av fiolin- og klaverkonsertar. Grunnen til dette er rett og slett at storleiken og klangstyrka til orkesteret auka, slik at få soloinstrument enkelt kunne trengja gjennom orkesterklangen. Sjølv om det er konsertar som arbeider seg rundt dette, så som cellokonserten (1895) til Antonín Dvořák (1841–1904), får ein fyrst større mangfald på 1900-talet, og i sær etter den fyrste verdskrigen, då mange orkester måtte nedskalera.

Atterkoma til orkesterkonserten, med verk av komponistar som Paul Hindemith (1895–1963) og Béla Bartók (1881–1945), er ei av dei sentrale trendane på 1900-talet. Ein finn og konsertar skrivne for nær sagt alle instrument, inklusive instrument som ikkje er vanlege i orkesteret. Denne opne haldninga har gjort at genren har vore open for kryssingar over til jazz og rock, som George Gershwins (1898–1937) Konsert i F (1924) og Deep Purples Concerto for Group and Orchestra (1969).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Keefe, Simon P. (red.), Cambridge Companion to the Concerto, 2005
  • Steinberg, Michael, The Concerto – A Listener’s Guide, 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg