Konjugasjon, blir i grammatikk brukt om to ting:

Faktaboks

Uttale
konjugasjˈon
Etymologi
av latin coniugātiō '(ord)slektskap', avleiing av verbet coniugāre 'binde i hop'
Også kjend som

verbbøying, bøying

  1. bøying av verb i verbale kategoriar som mellom anna tempus, aspekt, diatese, person og numerus (tal)
  2. ein spesiell måte å bøye verb på, det vil seie ein bøyingsklasse for verb

Konjugasjon står i motsetnad til deklinasjon (bøying i nominale kategoriar) og komparasjon (gradbøying). Desse to termane har også den doble tydinga som konjugasjon har.

Bøying av verb

Å bøye eit verb i mellom anna dei ulike verbale kategoriane som er nemnde ovanfor, inneber å «lage» dei ulike bøyingsformene, for at verbet skal passe inn i ulike grammatiske samanhengar:

  • I går las eg ei god bok!
  • I dag les eg ikkje.
  • I morgon skal eg lese til eksamen.
  • Eg har aldri lese så mykje før.
  • Les den boka før du uttalar deg!

Norske verb har fem bøyingsformer, her illustrert med verba kaste, byggje og krype:

- KASTE BYGGJE KRYPE
infinitiv kaste byggje krype
presens kastar byggjer kryp
preteritum kasta bygde kraup
perfektum partisipp / supinum kasta bygd krope
imperativ kast bygg kryp

Ein reknar ikkje har lese, hadde lese eller skal lese som bøyingsformer av verbet. Her er det berre snakk om bøyingsformer av verba ha, lese og skulle, som vi brukar i desse tre perifrastiske verbformene. Ein reknar heller ikkje deklinasjon av perfektum partisipp som konjugasjon.

Konjugasjon er i norsk eit relativt avgrensa fenomen, samanlikna med til dømes latin, der verbet har nærmare 100 forskjellige bøyingsformer. Då ser ein bort ifrå deklinasjonen av partisipp, gerundium, gerundiv og supinum. Andre språk igjen har ikkje konjugasjon i det heile, som vietnamesisk.

Bøyingsklasse av verb

Ordet konjugasjon blir òg brukt om ein bøyingsklasse av verb. Som tabellen i førre avsnitt viser, blir ikkje alle norske verb bøygde på same måte. Til dømes har nokre verb suffikset -ar i presens, nokre har -er, atter andre har ikkje noko suffiks i presens i det heile. Kvar måte å bøye verb på blir kalla ein konjugasjon eller bøyingsklasse.

Norske konjugasjonar eller bøyingsklassar

Norske verb kan delast i svake verb og sterke verb:

  • Svake verb har i preteritum eit suffiks som inneheld ein vokal.
  • Sterke verb har ikkje suffiks i preteritum, eller dei har eit suffiks som ikkje inneheld vokal.

Dei svake verba kan delast vidare i fire konjugasjonar:

  1. Svake verb med -ar i presens: kaste – kastar – kasta – kasta
  2. Svake verb med -er i presens: byggje – byggjer – bygde – bygd
  3. Svake verb med -r i presens: snø – snør – snødde – snødd
  4. Svake verb utan bøyingssuffiks i presens: telje – tel – talde – talt

Dei sterke verba kan delast i eit rekkje konjugasjonar, til dømes slik:

  1. Sterke verb med ei i preteritum: bite – bit – beit – bite
  2. Sterke verb med au i preteritum: krype – kryp – kraup – krope og suge – syg – saug – soge
  3. Sterke verb med kort a i preteritum: dette – dett – datt – dotte og stikke – stikk – stakk – stukke
  4. Sterke verb med lang a i preteritum: bere – ber – bar – bore
  5. Sterke verb med kort o i preteritum: syngje – syng – song – sunge og søkke – søkk – sokk – sokke
  6. Sterke verb med lang, trong o i preteritum: ta – tek – tok – teke og le – ler – lo – ledd
  7. Sterke verb med lang, open o i preteritum: sove – søv – sov – sove og kome – kjem – kom – kome
  8. Sterke verb med e i preteritum: la/late – lèt/lar – lét – late/latt og gråte – græt – gret – gråte

Latinske konjugasjonar

Latinske verb blir delte inn i fire konjugasjonar, som kan identifiserast ved hjelp av bøyingssuffikset i imperfektum infinitiv (også kalla «presens infinitiv»):

  1. Første konjugasjon har suffikset -āre, som i amāre 'elske'
  2. Andre konjugasjon har suffikset -ēre, som i monēre 'minne om'
  3. Tredje konjugasjon har suffikset -ĕre, som i scrībĕre 'skrive'
  4. Fjerde konjugasjon har suffikset -īre, som i audīre 'høyre'

I desse eksempla markerer ein strek (makron) over ein vokal at han er lang, til dømers ā [aː]. Korte vokalar kan markerast eksplisitt som korte med ̆ (breve) over.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg