Kongruens er i grammatikken det at ord er bøygde i samsvar med andre ord, som når norske determinativ og adjektiv overtar genus (grammatisk kjønn) og numerus (tal) frå substantivet dei står til:

Faktaboks

Uttale
kongruˈens
Etymologi

av latin congruentia 'samsvar, symmetri'

Også kjend som

samsvarsbøying

  • Veska mi er lita.
  • Bilen min er liten.
  • Huset mitt er lite.
  • Ungane mine er små.

Eit anna ord for kongruens er samsvarsbøying. Når eit ord A blir bøygt i samsvar med eit anna ord B, seier ein at ord A kongruerer med ord B.

Når ord A kongruerer med ord B, er ord A er målet, mens ord B er kontrolløren. Ved kongruens overtar målet grammatiske eigenskapar frå kontrolløren:

KONTROLLØR - MÅL
huset - mitt
nøytrum nøytrum

Kongruensen hjelper til med vise kva for ord som høyrer saman med kvarandre i ein frase eller ei setning, og på kva måte dei høyrer saman.

Kongruens i norsk

Norske adjektiv må ha fleirtalsform når dei står til eit substantiv i fleirtal, og inkjekjønnsform når dei står til eit substantiv med genuset (det grammatiske kjønnet) inkjekjønn (nøytrum):

  • Adjektivet er adledd (attributt) og kongruerer med overleddet(hovudet):
    • store jenter
    • stort hus
  • Adjektivet er predikativ og kongruerer med subjektet:
    • jentene er store
    • huset er stort

I ein nomenfrase kongruerer dei fleste norske determinativ og adjektiv med overleddet (hovudet) i numerus, genus og binding (bestemheit), som i desse eksempla:

  • eit raudt hus
  • det raude huset mitt
  • ei raud lampe
  • den raude lampa mi
  • raude lamper
  • dei raude lampene mine

Subjektkongruens ved verbet i engelsk

I mange språk kongruerer verbet med subjektet, som i desse engelske eksempla, der verbet varierer mellom eintal og fleirtal i samsvar med subjektet, når subjektet står i 3. person:

  • Verbet kongruererer med subjekt i numerus (tal):
    • The girl is playing.
    • 'Jenta leikar.'
    • The girls are playing.
    • 'Jentene leikar.'

Kongruens i latin

I latin kongruerer adjektiv med substantiv i både numerus, genus og kasus, og verbet kongruerer med subjektet i person og numerus, som vist i denne setninga, som tyder 'den gode kongen elskar dei små døtrene sine'. Sidan det finst to kontrollørar er dei nummererte, og måla er nummererte for å vise kva kontrollør dei kongruerer med:

SUBJEKT - OBJEKT - - VERBAL
MÅL1 KONTROLLØR1 KONTROLLØR2 MÅL2 MÅL2 MÅL1
bonus rēx fīliās suās parvās amat
nominativ, eintal, maskulinum nominativ, eintal, maskulinum akkusativ, fleirtal, femininum akkusativ, fleirtal, femininum akkusativ, fleirtal, femininum 3. person eintal
god konge døtrer sine små elskar

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg