Konfiks er i grammatikken ein lite brukt term med tre bruksmåtar:

Faktaboks

Uttale
konfˈiks
Etymologi
av latin con- 'med' og fixum ‘festa til’
  1. Eit alternativt namn på eit sirkumfiks
  2. Ei fellesnemning for prefiks og suffiks, i motsetnad til infiks og sirkumfiks
  3. Eit affiks som er prefiks i nokre ord og suffiks i andre

Eit alternativt namn på eit sirkumfiks

Viss eit prefiks og eit suffiks alltid opptrer i lag i eit språk, kan ein rekne dei som eitt affiks med to delar, der éin del står fremst i ordet og éin del står sist i ordet. Slikt finst ikkje i norsk, men kan illustrerast med tysk, malayisk og berberspråk.

Tysk

Det er ikkje uvanleg å seie at tyske perfektum partisipp har sirkumfiks, anten ge-…t (i svake verb) eller ge-…-en (i sterke verb):

  • ge-spiel-t 'spelt, leika', perfektum partisipp av spielen 'spele, leike'
  • ge-fund-en 'funne', perfektum partisipp av finden 'finne'

Malayisk

Betre eksempel finn ein i malayisk, der ein til dømes kan lage nye substantiv ved å leggje til sirkumfikset (konfikset) ke-…-an til eit substantiv, eit adjektiv eller eit verb:

  • menteri 'minister' ⇨ ke-menteri-an 'departement'
  • merdeka 'fri' ⇨ ke-merdeka-an 'fridom'
  • hidup 'leve' ⇨ ke-hidup-an 'liv'

Berberspråk

Kabylisk og andre berberske (amazighiske) språk har sirkumfikset (konfikset) t…t, som uttrykkjer hokjønn, eintal og kan leggjast til eit substantiv:

  • amɣar ‘gamal mann’ ⇨ t-amɣar-t ‘gamal kvinne’
  • amaziɣ ‘berbersk mann’ ⇨ t-amaziɣ-t ‘berbersk kvinne; 'berbersk språk'

Fellesnemning på prefiks og suffiks

Ein endå mindre vanleg bruk av ordet konfiks er som ei fellesnemning på prefiks og suffiks i motsetnad til infiks og sirkumfiks. Med andre ord tyder då konfiks:

  • affiks som ikkje er delt i to, eller
  • affiks ikkje deler rota i to

Prefiks i nokre ord og suffiks i andre

Det finst forskarar som brukar konfiks i ei tredje – men svært lite vanleg – tyding, om eit affiks som er prefiks i nokre ord og suffiks i andre. Eit eksempel på dette ville kunne vere hokjønnsaffikset t i arabisk, som er suffiks ved verb i perfektum og prefiks ved verb i imperfektum:

  • Perfektum: qatala-t 'ho drap'
  • Imperfektum: t-aqtulu 'ho drep'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg