Kondisjonalis er ei form av verbet som uttrykkjer at handlinga skjer eller ville ha skjedd på visse urealistiske vilkår – det vi på norsk uttrykkjer med konstruksjonar som ville kjøpe og ville ha kjøpt i desse eksempla:

Faktaboks

Uttale
kondisjonˈalis
Etymologi
av latin condiciō 'avtale; vilkår, tilbod; tilhøve, tilstand'
  1. notid: Viss eg var rik, ville eg kjøpe eit fly
  2. fortid: Viss eg hadde vore rik, ville eg ha kjøpt eit fly

Kondisjonalis, som høyrer heime i den grammatiske kategorien modus, er ei særskild bøyingsform av verbet mellom anna i samiske, austersjøfinske og romanske språk. Bruken i nokre romanske språk er vist nedanfor.

Termen kondisjonalis blir ikkje lenger brukt i norsk skulegrammatikk, jamfør avsnittet Kondisjonalis i norsk lenger nede.

Kondisjonalis i romanske språk

Avsnitta nedanfor viser bruken av kondisjonalis i fransk, italiensk og spansk (kastiljansk).

Kondisjonalis i fransk

Fransk skil mellom presens kondisjonalis og preteritum kondisjonalis – på fransk conditionnel og conditionnel passé – som illustrert i desse to setningane:

- Preteritum imperfektiv indikativ - Presens kondisjonalis
Si j'étais riche j'achèterais un avion
Viss eg var rik ville eg kjøpe eit fly
- Preteritum perfektum indikativ - Preteritum kondisjonalis -
Si j'avais été riche j'aurais acheté un avion
Viss eg hadde vore rik ville eg ha kjøpt eit fly

Kondisjonalis i italiensk og spansk

Også italiensk og spansk (kastiljansk) skil mellom presens kondisjonalis og preteritum kondisjonalis:

- - Preteritum konjunktiv - Presens kondisjonalis -
Italiensk Se fossi ricco comprerei un aereo
Spansk Si fuera rico compraría un avión
Norsk Viss eg var rik ville eg kjøpe eit
- Preteritum perfektum konjunktiv - Preteritum kondisjonalis -
Italiensk Se fossi stato ricco sarei comprato un aereo
Spansk Si hubiera sido rico habría comprado un avión
Norsk Viss eg hadde vore rik ville eg ha kjøpt eit fly

Kondisjonalis i norsk

På norsk blir ikkje nemninga kondisjonalis brukt lenger. Det som tidlegare heitte første kondisjonalis, blir no kalla preteritum futurum, og det som tidlegare heitte andre kondisjonalis, blir no kalla preteritum perfektum futurum:

  • Preteritum futurum:
    • Viss eg var rik, ville eg kjøpe eit fly
  • Preteritum perfektum futurum:
    • Viss eg hadde vore rik, ville eg ha kjøpt eit fly

Det kan sjå ut som ei motseiing at ein verb-konstruksjon blir kalla både preteritum og futurum, men forklaringa er at det er snakk om absolutt preteritum og relativ futurum. Sjå meir om emnet i artikkelen relativt tempus.

Framtid i fortid

Dei norsk termane preteritum futurum og preteritum perfektum futurum har fått desse namna fordi dei ikkje berre blir nytta i vilkårskonstruksjonar av dei typane som er vist ovanfor, men også med tydinga «framtid i fortid, det vil seie (relativ) futurum i absolutt (preteritum):

  • Då eg sist møtte ho, skulle ho reise til Málaga.

Denne tydinga er òg kjend i romanske språk, som i dette franske dømet:

  • Le président a dit qu'il ne céderaitpas au chantage des preneurs d'otages.
    • Présidenten sa at han ikkje ville gi etter for gisseltakarane.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg