Kondensasjon er overgang frå gass til væske eller fast stoff. Så lenge kondensasjon går føre seg, er både gass og anten væske eller fast stoff til stades.

Faktaboks

Uttale
kondensasjˈon

Kondensasjon skjer når temperaturen til gassen har gått ned til kokepunktet for væska eller til sublimasjonspunktet for det faste stoffet.

Michael Faraday viste i 1823 at dei fleste gassar kan kondenserast når dei blir utsette for tilstrekkeleg høgt trykk. Nokre, som han kalla «permanente gassar» (blant dei luft og hydrogen), lykkast han ikkje med å kondensere sjølv ved eit trykk på fleire tusen atmosfærar. Seinare har ein funne ut at ein gass berre kan kondenserast til væske dersom temperaturen er lågare enn den kritiske temperaturen til gassen. Denne temperaturen er ulik for kvar gass.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg