Store delar av Maldivane ligg under ein meter over havet, og stigande havnivå får alvorlege konsekvensar for landet. I 2009 gjennomførde dei eit regjeringsmøte under vatn for å få merksemd om klimaendringane og stigande havnivå. Biletet viser den maldiviske ministeren for fiskeri og landbruk, Ibrahim Didi, som signerer eit dokument i forkant av klimatoppmøtet i 2009 som ber alle verdas land om å redusere utsleppa av CO₂.

Regjeringsmøte i Maldivene under vatn (2009)
Av /AP/Scanpix.

Artikkelstart

Klimaflyktning er eit omgrep i daglegtalen som blir brukt om personar som må forlate heimen sin grunna konsekvensar av klimaendringar. Talet på dei dette gjeld er aukande, men internasjonale lover gir ikkje vern for klimaflyktningar.

Årsakar til klimaflukt

Klimaendringar har ulike konsekvensar, til dømes kraftigare tilfelle av ekstremvêr, lengre tørkeperiodar, høgare havnivå og sviktande avlingar, som direkte eller indirekte kan vere årsak til at menneske må forlate heimane sine. I 2020 er det anslått at verda fekk 30,7 millionar nye internt fordrivne som følgje av vêr-relaterte kriser. Dette talet skuldast sjølvsagt ikkje klimaendringar åleine, ettersom det alltid har vore menneske som har blitt nøydd til å flytte på grunn av vêret. Men det er det høgaste talet målt på ti år, og ein reknar med at det i framtida vil bli mange gongar høgare som følgje av klimaendringar.

Dei fleste flytter tilbake etter relativt kort tid, men klimaendringar kan føre til at stadig fleire finn dette vanskeleg. På den måten vil klimaendringar kunne føre til at fleire internt fordrivne blir permanente flyktningar. I tillegg kjem menneske som ikkje flyktar på grunn av ein akutt katastrofe, men forlèt regionen sin fordi livet gradvis blir vanskelegare, der klimaendringar kan vere ei av fleire årsaker.

Dei aller fleste flyktar til ein annan stad i eige land. Om vi ser bort frå øystatar som kan bli umogleg å bu i, er det vanskeleg å slå fast at klimaendringar tvingar folk til å flytte til andre land og under kva slags forutsetningar det er naudsynt. Dette er éin av årsakene til at klimaflukt er krevjande å handtera internasjonalt.

Juridisk status for klimaflyktningar

FNs flyktningkonvensjon omfattar i dag berre menneske som flyktar til andre land enn heimlandet på grunn av frykt for forfølging. Klimaflyktningar har difor ikkje formell rett til å søke opphald som flyktningar i andre land.

I 2011 tok Noreg initiativ til eit mellomstatleg samarbeid om betre vern for klimaflyktningar. Samarbeidet resulterte i ein handlingsplan som 109 regjeringar har slutta seg til. Planen nyttar ikkje omgrepet «klimaflyktning», men bruker i staden «katastrofefordrivne», der både plutselege og gradvise katastrofar er inkluderte.

Sidan har FN utarbeidd eit heilskapleg rammeverk for internasjonal handtering av flyktningar og migrantar, som statar kan slutte seg til dersom dei ønskjer det. Rammeverket blei vedteke i 2018 og er det første FN-dokumentet som eksplisitt set søkjelys på naturkatastrofar og klimaendringar som årsak til flukt og migrasjon.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg