Klatreslirekne. Av /Shutterstock. Begrenset gjenbruk

klatreslirekne

Fallopia baldschuanica, klatreslirekne. Foto fra: Lendrup S.f. Løgstør, Danmark

Fallopia baldschuanica, klatreslirekne. Foto fra: Lendrup S.f. Løgstør, Danmark

Artikkelstart

Klatreslirekne er ein fleirårig klatrebusk i slireknefamilien som veks raskt. Busken vert populært kalla arkitektens trøst.

Faktaboks

Også kjent som

Fallopia baldschuanica, Arkitektens trøst

Skildring

Klatreslirekne er ein fleirårig, lauvfellande klatrebusk som vert mellom 10 og 15 meter høg. Blada er eggforma. Planta har kvite til rosa blomar som sit saman i klasar. Fruktene som vert danna er vinga smånøtter.

Utbreiing

Planta kjem opphavleg frå Sentral- og Aust-Asia. I Noreg er planta funne forvilla i norsk natur eit fåtal gonger.

Dyrking og bruk

Klatreslirekne vert dyrka som hageplante. I Noreg veks busken i Sør-Noreg, fyrst og fremst i kystnære strok. Planta veks i sandjord, og må ha noko å klatre på eller i. Planta veks raskt, og har fått kallenamnet «arkitekten si trøyst» fordi ho fort dekker ein vegg eller eit heilt hus, og dermed kan skjule mindre vellukka arkitektur.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Art Klatreslirekne Fallopia baldschuanica
Slekt Vindelslirekneslekta Fallopia
Familie Slireknefamilien Polygonaceae
Orden Caryophyllales
Klasse Tofrøblada planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøa planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg