Raud- og kvitkløver.
.
Lisens: CC BY SA 3.0
Trifolium arvense

Trifolium arvense, harekløver. Foto frå Hem ved MariagerJylland i Danmark.

Trifolium aureum

Trifolium aureum, gullkløver. Foto frå Inderhede Plantage i Havndal på Jylland i Danmark.

Trifolium dubium

Trifolium dubium, musekløver. Foto frå Stenderup Midtskov i Kolding i Danmark.

Kløver er ei planteslekt i erteblomfamilien.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Trifolium
Beskriven av
Carl von Linné

Blada er trekopla, med akselblad delvis fastvaksne til bladstilken. Blomane er samla i hovud eller hovudliknande standar. Krona er raud, kvit eller gul og blir sitjande på etter at ho har visna. Som andre belgvekstar har kløver ein spesiell mekanisme til vinterbeskyttelse av overvintringsknoppane i øvre enden av rota eller rotstokken. Ved at hovudrota trekkjer seg saman (hos raudkløveren opptil 10 prosent), blir knoppane trekte ned under jordoverflata.

Det finst over 300 kløverartar, fordelte på tempererte strøk i Europa, Asia og Amerika. 13 av dei veks i Noreg, forutan nokre tilfeldig innkomne artar. Artar som er utbreidde i heile landet, er raudkløver, skogkløver, kvitkløver og alsikekløver. Resten av dei viltveksande artane høyrer alle til sør i landet, mellom anna harekløver, gullkløver, krabbekløver, musekløver og jordbærkløver. I Alpane er den vakre, storblomstra alpekløveren (Trifolium alpinum) ein vanleg fôrplante. Arten Trifolium aurantiacum, med oransjegule blomar, blir dyrka til pynt.

Dyrking

Kløver er blant dei viktigaste fôrplantane i Noreg og heile Nord-Europa, særleg raudkløver. Kløverartane gir godt, næringsrikt, særleg proteinrikt fôr og kan gjennom samarbeidet sitt med bakteriar (sjå belgplantebakteriar) forsyne både seg sjølve og delvis dei plantane dei veks saman med, med nitrogen.

Frø av kløver kan ha hardt skal, og frøa kan liggje i jorda ei årrekkje utan å spire. Preparering av harde frø består i å rispe litt i skalet slik at det kan trengje inn væte (fuktighet). Ved vanlege metodar for hausting, reinsing og sortering blir frøet som oftast tilstrekkeleg preparert.

Når kløver blir hausta til høy, har belgvekstane den ulempa at stengelen er grov og tørkar langsamt, medan blada tørkar raskt og har lett for å smuldre og gå tapt. Stenglane på raudkløveren kan bli så grove at dyra ikkje vil ha dei. Ved å nytte stengelknekkar, ei maskin som klemmer stengelen flat ved slåing, kan ein oppnå jamnare og raskare tørking.

I folketrua

I folketrua har kløver spelt ei framståande rolle. Firkløver og femkløver var lykkebringande, og fann ein slike plantar, kunne ein ønskje seg tre ting. Men det gjaldt å ta vare på funnet, for ved å miste kløverbladet mista ein lykka òg. Enkelte stader var det vanleg å sove tre torsdagsnetter på rad med firkløver under hovudputa. Då skulle ein drøyme om sin tilkommande.

Kløveren er elles kjend som symbol for treeininga i kristendommen og for den irske helgenen St. Patrick.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kløver
Trifolium
Artsdatabanken-ID
102043
GBIF-ID
2973363

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg