Kjerring er eit ord som betyr kvinne, og er særleg brukt om gift kvinne og ektefelle.

Faktaboks

Etymologi

av norrønt kerling ‘kvinne, helst av lågare stand og litt gamal’, igjen avleidd av karl ‘mann’ og etterleddet -ing

Ordet blir ofte brukt nedsetjande, også om menn i betydninga 'pyse, reddhare' eller liknande. I delar av landet, spesielt nordafjells, er kjerring brukt nøytralt om kvinne, særleg om kvinneleg ektefelle.

Kjerring blir også brukt om ei stor snøfille.

I uttrykk

Det å «kome som julekvelden på kjerringa» betyr å kome brått og uventa på.

«Kjerringa mot straumen», etter folkeeventyret med same namn, blir brukt om ein eigenrådig person.

Uttrykket «reise kjerringa» betyr å kome seg opp igjen etter eit fall, eller i overført betydning om å vende tilbake etter stor motgang.

Samansette ord

Vevkjerringar er ei gruppe edderkoppdyr.

Kjerringrokk er ein medisinplante, også kalla åkersnelle.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg