Kizilbasj var namn på opprørar som kjempa mot dei osmanske sultanane Bayezit 2 og Selim i kizilbasjopprøret frå 1511 til 1514.

Faktaboks

Etymologi
frå det tyrkiske namnet på ein turban. tyrkisk staving kızılbaş, ‘raudtopp’.

Namnet kizilbasj er ein synekdoke. Det betyr raudtopp, og viser i snever forstand til hovudplagget, eller turbanen, som vart brukt av tilhengjarane av ein bestemd religiøs brorskap, nemleg den sjiittiske safavidebrorskapen. Brorskapen hadde oppstått i Ardabil kring sjeik Safi al-Din, død 1334, og vakse fram både i landområde som kom inn under Det osmanske riket og i Iran. Turbanen har ein raud tupp som stikk opp på toppen og tolv band som er vikla rundt. På banda står namna til dei tolv imamane, altså dei tolv rette leiarane etter profeten Muhammad ifølgje safavidetrua, ei tolvarretning av sjiaislam.

Ettersom sjah Ismail, som tok makta og innførte sjiaislam som statsreligion i Persia (Iran) i 1501, tilhøyrde safavidebrorskapen, vart hovudplagget sett på som ei fråsegn om støtte både til han og til styret hans. Den doktrinære skilnaden mellom sunniislam og sjiaislam vart i denne perioden opphøgd til eit religiøst skilje av politisk stor tyding ettersom dei osmanske sultanane vedkjente seg sunniislam, i motsetnad til Iran etter sjah Ismail.

Den osmanske sultanen Selim, kalla den fælslege, tok over makta i 1512, då han, som den første, men langt ifrå den siste, tronfølgjaren i osmansk historie, fekk hjelp av janitsjarane til å avsette den regjerande sultanen. Selim den fælslege førde framgangsrike felttog mot kizilbasjane i aust, og vann det avgjerande slaget mot Iran ved Chaldiran i 1514, før han sette kursen sørover og vann over mamelukkane i Syria i 1516 og i Egypt i 1517. Slaget ved Chaldiran blir sett på som den endelege sigeren over kizilbasjopprøret i Det osmanske riket.

Kizilbasjopprøret var såleis over då sultan Süleyman 2, seinare kalla den storslegne, tok over den osmanske trona i 1520, men krigane med Iran var ikkje over. Perioden 1532–1555 var prega av krig mellom Det osmanske riket og det safavidiske Iran. I 1555 kom det endeleg til fredslutning, og grensa mellom dei to stormaktene vart vedteken i Amasya. Det er stort sett den same grensa som gjeld i dag mellom Tyrkia og Irak på den eine sida og Iran på den andre.

I Tyrkia er det i dag sosiale skilje mellom den sunnimuslimske majoriteten og den sjiamuslimske aleviminoriteten, og ordet kizilbasj blir brukt nedsetjande om aleviar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg