kikapú (språk)

Artikkelstart

Kikapú er eit amerikansk urfolksspråk som høyrer til dei algonkinske språka i den algiske språkfamilien. Språket blir talt av om lag 700 menneske i Mexico og USA. Språket kan også plystrast.

Faktaboks

Språkkoder
kic (KIC)
ISO-639:3
kic

Kikapú blir talt av kring 700 menneske av ei etnisk gruppe på om lag 5000. Kring 3000 av dei er stammemedlemer. Dei fleste bur i Nacimiento i delstaten Coahuila i det nordlege Mexico og i tre føderalt godkjende busetnader i USA, i delstatane Kansas, Oklahoma og Texas.

I 2003 fekk kikapú status som nasjonalspråk i Mexico – på linje med andre urfolkspråk i landet og spansk – med heimel i den nye Ley General de Derechos Lingüísticos de los Pueblos Indígenas «Allmenn lov om rettane til urfolka», som blei kunngjord 13. mars same året.

spansk blir språknamnet skrive kikapú, og på engelsk kickapoo. På kikapú heiter språket kiikaapoa eller kiikaapoi. Ein person som høyrer til den etniske gruppa, heiter kiikaapoa, fleirtal kiikaapoaki. Nemninga mehtoθeenenia 'indianar (person som høyrer til eit amerikansk urfolk)' blir òg brukt som sjølvnemning.

Språkfamilie

Kikapú høyrer til den algiske språkfamilien, ein nordamerikansk språkfamilie med tre greiner: wiyot, yurok og algonkinsk. Wiyot og yurok er to språk som inntil nyleg blei talte i California, medan algonkinsk er ei gruppe på kring 30 språk som med unntak av kikapú blir talte i Canada og USA.

Den algonkinske gruppa har tre greiner: præriealgonkinsk, sentralalgonkinsk og austalgonkinsk.

Kikapú høyrer heime i gruppa sentralalgonkinsk, saman med cree (nēhiyawēwin), menomini (omǣqnomenew), ojibwe (ojibwemowin), potawatomi (bodéwadmimwen), fox (meskwaki), sauk / sac (thākiwāki), kikapú (kiikaapoa), shawnee (sawanwa) og miami-illinois (myaamia).

Kikapú er i nær slekt med fox og sauk. Talarar av dei tre språka seier at dei stort sett forstår kvarandre, og dei tre kan gjerne reknast som eitt språk.

Språkhistorie

Kikapúfolket budde tidlegare mellom Eriesjøen og Michigansjøen, i grenseområda mellom dei noverande amerikanske delstatane Michigan, Indiana og Ohio. På alle kantar var dei omgitt av andre urfolk som snakka algonkinske språk. Dei nærmaste grannane i nord snakka potawatomi, i sør miami-illinois og shawnee, og i vest fox og sauk.

Kikapúfolket blei fordrive frå heimlandet sitt av franskmennene (1688–1697), av engelskmennene (1763–1771) og seinare av amerikanarane (det vil seie europearane som oppretta USA). Dette resulterte i at kikapúane blei delte i fleire mindre grupper. Grannefolka leid den same lagnaden.

Etter avtalar med USA i 1819 måtte kikapúane utvandre til vestsida av Mississippi, men dette skjedde ikkje utan væpna motstand frå kikapúane og grannefolka. Dei slo seg ned i reservat i Missouri i 1819 og i Kansas i 1832.

Då det blei bygd jernbane over det nye territoriet til kikapúane i 1854, førte ein svindel frå jernbaneselskapa si side til at dei måtte flytte igjen, denne gongen sørover, først til Texas og seinare til Coahuila i Mexico, i lag med ei gruppe potawatomiar. Under den amerikanske borgarkrigen (1861–1865) flytta endå fleire kikapúar til Mexico.

Gruppene i Mexico og USA har nær kontakt med kvarandre, og dei kryssar grensa for å vere med på kulturelle og religiøse tilstellingar, gravferder, for å gå på skule eller for å gjeste skyldfolk. Det er ikkje særleg store dialektskilnader mellom kikapú i dei to landa.

I dei seinare åra har USA gjort det vanskelegare å krysse grensa frå Mexico til USA. Det skaper problem for kikapúfolket og mange andre amerikanske urfolk – til saman 36 – som har busetnadsområda sine på begge sider av grensa. Dei må no passere grensestasjonar med streng kontroll, dei blir utsette for detaljerte avhøyr, reisene deira blir forseinka, og det hender dei ikkje får løyve til å krysse ei grense som dei sjølve oppfattar som kunstig – der ho deler territoriet deira i to.

Lingvisten Paul Voorhis gav i 1974 ut boka Introduction to the Kickapoo Language, der han presenterte ei rettskriving for kikapú. Denne rettskrivinga blei teken i bruk kort tid etter i USA, og nyleg – i 2010 – byrja arbeidet med å innføre denne rettskrivinga også i Mexico.

Kikapú blir rekna som eit truga språk, og i 1985 blei det sett i verk eit revitaliseringsprogram ved skulen til kikapúfolket i Horton, Kansas, og seinare på dei fleste andre stader der det bur kikapúar.

Kikapúane i Mexico er kjende for plystrespråket sitt, som gir att tonegangen i det vanlege talespråket.

Språksystem

I grammatikken til kikapú – som andre algonkinske språk – spelar skiljet mellom animat (menneske og dyr) og inanimat (alt anna) ei sentral rolle.

For det første har språket to genus (grammatiske kjønn) – animat og inanimat.

Alle substantiv som viser til menneske og dyr, er animate, til dømes inenia 'menneske', koohkoosa 'gris' og eenikwa 'maur'. Også nokre få substantiv som viser til plantar og ikkje-levande ting, er animate, som moopia 'bil', miini 'bær' og anaakwa 'stjerne'.

Døme på inanimate substantiv er aθenyi 'stein', ootéeni 'by', oteemini 'jordbær', mehtekwi 'tre' og kiisekwi 'himmel'.

Desse tabellane viser korleis animate og inanimate substantiv blir bøygde, illustrert med det animate koohkoosa 'gris' og det inanimate otéeni 'by':

ANIMAT 'gris' Eintal Fleirtal
proksimat koohkoosa koohkoosaki
obviat koohkoosani koohkoosahi
vokativ koohkoose koohkoosetike
INANIMAT 'by' Eintal Fleirtal
proksimat/obviat otéeni otéenani

Skiljet mellom proksimate og obviate bøyingsformer er at eit proksimat substantiv viser til den eller dei mest framståande deltakarane i ein situasjon, medan eit obviat substantiv viser til ein mindre viktig deltakar. I ein eigedomskonstruksjon er eigaren proksimat og det eigde obviat:

  • maaka kwíeθeeha ooθani 'far til den guten'
  • den-ANIMAT.EINTAL.PROKSIMAT gut-EINTAL.PROKSIMAT far-EINTAL.OBVIAT

I ei setning blir det proksimate leddet nemnt først:

  • inenia neθeea mahkwani 'eit menneske drap ein bjørn'
  • menneske-EINTAL.PROKSIMAT drap-PROKS.OBV. bjørn-EINTAL.OBVIAT

Verbforma neθeea 'han drap han' har suffikset ea, som fortel at subjektet er proksimat og objektet obviat.

Skiljet mellom animat og inanimat finn vi òg ved verba, som blir delte inn i fleire typar på grunnlag av dette skiljet, mellom anna desse typane:

  • animate intransitive verb, som har animat subjekt
  • inanimate intransitive verb, som har inanimat subjekt
  • animate transitive verb, som har animat objekt
  • inanimate transitive verb, som har inanimat objekt

Uttale

Kikapú har 4 vokalfonem og 11 konsonantfonem i arveord (ord som ikkje er lånord). I tillegg finst det 1 vokalfonem og 3 konsonantfonem som berre finst i lånord.

Vokalane kan utgjere grupper. Når to like vokalar står rett etter kvarandre, blir dei uttalte som éin vokal som er dobbelt så lang som ein enkelt vokal. Når tre like vokalar står rett etter kvarandre, blir dei uttalte som éin vokal som er tre gonger så lang som ein enkelt vokal. Her er nokre døme

  • inenia [inenia] 'menneske'
  • miicia [miːʧia] 'han åt det'
  • oiiinaki [oiːːnaki] 'horn (fleirtal)'

Vokalen r [ɚ] finst til dømes i máicrrcíaki [máiʧɚːʧia] 'dei gjekk til kyrkja'. crrc er lånt frå engelsk church 'kyrkje'.

I alle setningar finst det minst éin aksentuert vokal, og det er den tredje, fjerde, femte eller sjette siste vokalen i eit ord. Aksenten, ein høg tone, er merkt i rettskrivinga med ein akutt aksent (´), som i ánemwa 'hund'. Når kikapúane plystrar språket sitt, gir dei att skilnadene i tonehøgd mellom ulike vokalar.

Vokalane er stemde, bortsett frå ein uaksentuert vokal rett før ein pause. Ein slik vokal blir kviskra etter p, t, c, k, θ og s og mumla (uttalt med luftfylt stemme) etter andre lydar.

Lånord

Ifølgje Nynorskordboka tyder wigwam «opphavleg: nemning på kuppelforma (sjeldnare konisk) indianarhytte i den nordaustlege delen av USA og rundt dei store sjøane; seinare: fellesnemning på indianarhytte eller bustad av ymse slag både i og utanfor USA».

Dette ordet har vi lånt via engelsk frå det austalgonkinske språket aust-abenaki (wôbanakiôdwawôgan) (som blir talt i Quebec og Ny-England), der det heiter wigwôm [wiɡwõm] og tyder 'hus'.

Mange av orda som norsk – via engelsk – har lånt frå nordamerikanske urfolkspråk, kjem frå aust-abenaki og nærskylde algonkinske språk i Ny-England. Nokre døme er mokasin, pekan, pemmikan, skunk, squash og tomahawk.

Aust-abenaki er ein fjern slektning av kikapú, der 'hus' heiter wiikiaapi. Dette ordet er òg lånt inn i engelsk, som wickiup. Det er umogeleg å avgjere om wickiup er lånt frå kikapú wiikiaapi, fox wiikiyaapi eller sauk wîkiyâpi, for ordet blir uttalt på same måten i alle tre språka.

Sjølv om wigwam og wickiup tyder det same på engelsk, føretrekkjer folk med urfolksbakgrunn ordet wickiup når dei snakkar engelsk, fordi wigwam blir opplevd som stereotypisk i negativ forstand.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Charles Callender, Richard K. Pope, and Susan M. Pope: «Kickapoo», i Bruce C. Trigger (red.): Handbook of North American Indians. Vol. 15, Northeast, s. 656–667. Washington, D.C. 1978
  • Paul H. Voorhis: «Notes on Kickapoo Whistle Speech», International Journal of American Linguistics, 37(4), s. 238–243
  • Paul H. Voorhis: Introduction to the Kickapoo Language. (Indiana University Publications. Language Science Monographs. 13.) Bloomington, Indiana 1974
  • Paul H. Voorhis: Kickapoo Vocabulary. (Algonquian and Iroquoian Linguistics. 6.) Bloomington, Indiana 1988
  • Carl Waldman: Atlas of the North American Indian, revised edition. New York 2000

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg