khmer (språk)

Artikkelstart

Khmer er eit språk som blir tala av khmerfolket, og som høyrer til mon-khmer-språka, ei grein av den austroasiatiske språkfamilien. Khmer er det offisielle språket i Kambodsja. Det blir tala av om lag 17 millionar: nærmare 15 millionar i Kambodsja, av cirka 800 000 i det austlege Thailand og noko over 1 million i Mekong-deltaet i Vietnam.

Faktaboks

Også kjent som

kambodsjansk

Språkkoder
km, khm (KM, KHM)
ISO-639:3
khm

Det offisielle namnet på staten Kambodsja er preəh riəciənɑɑcɑk kɑmpuʔciə ព្រះរាជាណាចក្រកម្ពុជា 'Det heilage kongedømet Kambodsja'. Til dagleg kallar kambodsjanarane landet srok kmae ស្រុកខ្មែរ 'Khmer-land', der kmae ខ្មែរ tyder 'kambodsjanar' eller 'khmer'. Språket kambodsjansk heiter phiǝsaa kmae ភាសាខ្មែរ. Hovudstaden i Kambodsja, som vi på norsk kallar Phnom Penh, heiter pnum pɨɲ ភ្នំពេញ på kambodsjansk.

På norsk blir både khmer og kambodsjansk brukt som namn for språket.

Språkfamilie

Kambodsjansk høyrer til den austlege undergreina av mon-khmer-språka, som er ei grein av den austroasiatiske språkfamilien.

Det finst nærmare 170 austroasiatiske språk, som blir talt av kring 117 millionar menneske. Ved sida av kambodsjansk er vietnamesisk det best kjende mon-khmer-språket. Munda-språka, som blir snakka i India, utgjer òg ei grein av den austroasiatiske språkfamilien, og santali er det mest kjende munda-språket.

Mange språkforskarar meiner vietnamesisk er i slekt med mon-khmer, og somme reknar språkfamilien saman med den austronesiske språkfamilien til ei austroasiatisk storfamilie.

Språkhistorie

Vi kan dele historia til khmer i tre periodar:

  • gamalkhmer, frå 600-talet til 1300-talet
  • mellomkhmer, frå 1300-talet til 1700-talet
  • nykhmer, frå 1700-talet til notida

Gamalkhmer var språket i Angkorriket (802–1431), med hovudstad i Angkor, khmer ɑŋkɔɔ អង្គរ, som tyder ‘hovudstad’. Det hinduistisk-buddhistiske Angkorriket var sterk påverka av indisk kultur, og khmer lånte mange ord frå dei indiske språka sanskrit og pali, til dømes phiǝsaa ភាសា ‘språk’, frå sanskrit bhaaʂaa भाषा ‘språk’. Khmer-skrifta er av indisk opphav.

Mellomkhmer blei primært påverka av thai og laotisk, og i mindre grad også av vietnamesisk.

Frå 1867 til 1953 var Kambodsja eit fransk protektorat. I denne perioden blei khmer sterkt påverka av fransk, og det finst mange lånord frå fransk, til dømes kaamiiɲoŋ កាមីញ៉ុង ‘lastebil’, frå fransk camion ‘lastebil’.

I dag er engelsk den dominerande kjelda for lånord, og khmer har til dømes lånt ordet kompjuutɔ កុំព្យូទ័រ ‘datamaskin’ frå engelsk computer ‘datamaskin’.

Språksystem

Kambodsjansk er eit SVO-språk – det vil seie eit språk der subjektet (S) står framfor verbet (V) og objektet (O) etter verbet – som vist i denne setninga:

  • មីងខ្ញុំអត់ញ៉ំសាច់
  • Miiŋ kɲom ʔɑt ɲɑm sac. 'Tanta mi et ikkje kjøt.'
  • 'tante' 'eg' 'ikkje' 'ete' 'kjøt'

Kambodsjanske ord blir ikkje bøygde, slik at til dømes substantivet miiŋ មីង 'tante' i andre samanhengar kan tyde 'tanter'. Det er heller ikkje noko skilje mellom ubunden og bunden form. Pronomenet kɲom ខ្ញុំ kan tyde både 'eg', 'meg' og 'min/mi/mitt/mine'. Verbet ɲɑm ញ៉ំ kan tyde både 'ete', 'et' og 'åt'.

I ein substantivfrase – det vil seie i eit setningsledd der eit substantiv er overleddet eller «kjernen» – står substantivet først, og så følgjer ulike underledd eller «attributtar» etter, som i miiŋ kɲom មីងខ្ញុំ 'tanta mi'.

Sjølv om ein ikkje bøyer orda på kambodsjansk, kan ein lage nye ord ved avleiing med prefiks og suffiks. Til dømes er verbet sɑmlap សម្លាប់ 'drepe' laga ved at kausativinfikset -ɑm- er sett inn mellom dei to første konsonantane i slap ស្លាប់ 'døy'.

Ordtilfang

Khmer har lånt mykje av det administrative, militære og litterære vokabularet sitt frå sanskrit, og buddhistisk terminologi frå pali. Pali blir nytta som utgangspunkt for danninga av nye ord.

Khmer og thai har gjennom lang historisk kontakt lånt mange ord frå kvarandre. Franske lånord kom inn i Kambodsja under den franske kolonitida.

I khmer spelar sosial status ei viktig rolle, og det finst mellom anna fleire ord for ‘eg’. kɲom ខ្ញុំ er nøytralt, men det finst andre ord for ‘eg’ som blir nytta

  1. mellom nære vener eller til underordna
  2. når ein skal vere formell
  3. når ein ikkje-geistleg snakkar til ein buddhistisk geistleg
  4. når ein buddhistisk geistleg snakkar til ikkje-geistlege
  5. når ein snakkar til ein kongeleg

Uttale

Dei fleste orda i khmer har éi staving. Fleirstavingsord er ofte lånord frå sanskrit, pali og fransk. I motsetnad til nabospråka thai og vietnamesisk har khmer ikkje tonar.

Ei staving kan begynne med både éin, to eller tre konsonantar, som i orda taa តា ‘bestefar’, kɲom ខ្ញុំ ‘eg’ og strǝj ស្ត្រី ‘kvinne’.

Konsonantar

Det er vanleg å rekne med at språket har 21 konsonantar, her attgjevne i IPA-transkripsjon:

Labial Alveolar Postalveolar Dorsal Glottal
Uaspirert plosiv eller affrikat p t ʧ k ʔ
Aspirert plosiv eller affrikat ʧʰ
Implosiv ɓ ɗ
Nasal m n ɲ ŋ
Frikativ s h
Approksimant ʋ l j
Rotikon («r-lyd») r

Det finst likevel eit sterkt argument for at khmer berre har 17 konsonantar. Då blir dei såkalla aspirerte konsonantane i tabellen analyserte som konsonantgrupper, det vil seie som ph, th, ʧh og kh. Eit infiks kan nemleg setjast inn mellom plosiven eller affrikaten og h.

Khmer er særskilt rikt på vokalar, med 18 monoftongar (8 korte og 10 lange) og 14 diftongar:

Monoftongar

i ɨ u ii ɨɨ uu
e ǝ o ee ǝǝ oo
ɛɛ ɔɔ
a ɑ aa ɑɑ

Diftongar

ɨi ɨǝ ɨu
ei ǝi ǝɨ ou
ai au
ae ao

Skrift

Skrifta er, som så mange andre alfabet i Søraust-Asia, avleidd frå ein sørindisk variant av brahmiskrifta. Den eldste inskripsjonen på khmer er funnen i det sørlige Kambodsja og stammar frå 611 evt.

Ein skriv frå venstre mot høgre. Når to konsonantar følgjer rett etter kvarandre, blir den andre skriven under den første i ei mindre utgåve, som i landsnamnet kampuʔciə កម្ពុជា 'Kambodsja', der ម្ព står for mp.

Det er ikkje mellomrom mellom orda i ei setning. Mellomrom blir nytta mellom setningar, med same funksjon som punktum i latinsk skrift.

Landsnamnet

Sidan Kambodsja blei ein sjølvstendig nasjon att i 1953 – etter 86 år som fransk protektorat – har landet hatt fleire offisielle namn, her skrivne på norsk, fransk og khmer:

Periode

Landsnamnet på norsk og fransk

Landsnamnet på khmer

1953–1970

Kongedømet Kambodsja

Royaume du Cambodge

ព្រះរាជាណាចក្រកម្ពុជា

preǝh riǝciǝnaacɑk kɑmpuʔciǝ

1970–1975

Khmer-republikken

République Khmère

សាធារណរដ្ឋខ្មែរ

saathiǝrɔɔnɑɑrɔt kmae

1975–1979

Demokratiske Kampuchea

Kampuchea démocratique

កម្ពុជាប្រជាធិបតេយ្យ

kɑmpuʔciǝ prɑciǝthiʔpaʔtaj

1979–1989

Folkerepublikken Kampuchea

République populaire du Kampuchea

សាធារណរដ្ឋប្រជាមានិតកម្ពុជា

saathiǝrɔɔnɑɑrɔt prɑciǝmiǝnit kɑmpuʔciǝ

1989–1993

Staten Kambodsja

État du Cambodge

រដ្ឋកម្ពុជា

rɔt kɑmpuʔciǝ

1993–

Kongedømet Kambodsja

Royaume du Cambodge

ព្រះរាជាណាចក្រកម្ពុជា

preǝh riǝciǝnaacɑk kɑmpuʔciǝ

Medan landet i tidsrommet frå 1975 til 1989 blei kalla Kampuchea på europeiske språk, har former som svarer til norsk Kambodsjadansk Cambodja, svensk Kambodja, finsk Kambodža, tysk Kambodscha, engelsk Cambodia, fransk Cambodge, russisk Kambodža (Камбоджа) – vore nytta før 1970 og etter 1989.

Både Kampuchea og Kambodsja er attgjevingar av khmer kampuʔciə កម្ពុជា. Forma Kambodsja har vi fått viа fransk Cambodge.

Frå 1975 til 1989 blei Kampuchea internasjonalt. Denne forma byggjer på Kâmpŭchéa, som er ein transkripsjon (av ordet kampuʔciə កម្ពុជា) for khmer som blei vedteken av SN i 1972 – UNGEGN-transkripsjonen frå United Nations Group of Experts on Geographical Names.

Ordet khmer, som svarer til khmer kmae, er ein translitterasjon av ខ្មែរ, som bokstav for bokstav er kh-m-ae-r (r រ blir ikkje uttala i slutten av ei staving).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg