Kausativ er ein språkleg konstruksjon som tyder 'få til å …' eller 'gjere slik at …'.

Faktaboks

Uttale
kˈausativ
Etymologi

av latin causa 'grunn, årsak'

Også kjend som

faktitiv

Nokre eksempel:

  • Per blidgjorde Kari. 'Per fekk Kari til å bli blid.'
  • Maria fylte glaset. 'Maria gjorde (slik at) glaset (blei) fullt.'
  • Knoll fekk Tott til å smile.

Det finst fleire nyansar i tydinga til kausativkonstruksjonar. Eit vanleg skilje går mellom (1) det å aktivt gjere noko for å få noko til å skje og (2) det å passivt la noko skje ved at ein ikkje legg hindringar i vegen for det.

Elementa i ein kausativkonstruksjon

Her er to setningar, der 2. er ei kausativ utgåve av 1.:

  1. Per lo.
  2. Kari fekk Per til å le.

I setning 1 er Per subjektet til verbalet lo og har den semantiske rolla agens. I setning 2. er Kari subjekt og kausator (forårsakar) til verbalet fekk, mens Per er objekt og kausatus (forårsaka) til fekk. Samtidig er Per agens til le.

Det finst òg litt meir kompliserte strukturar:

  1. Per åt kjeksen.
  2. Kari fekk Per til å ete kjeksen.

I setning 1 er Per subjekt og agens til verbalet åt, mens kjeksen er objekt og patiens. I setning 2 er Kari subjekt og kausator til verbalet fekk, og Per er objekt og kausatus. Per er òg agens til verbet ete, mens kjeksen er objekt og patiens til ete.

Termane kausator og kausatus er ikkje etablerte på norsk, men laga etter mønster av dei latinbaserte rollenamna agens, patiens og recipiens, som avløysarar for engelsk causer og causee.

Kausativ i norsk

Norsk har – som andre germanske språk – kausativkonstruksjonar av fleire slag:

  • morfologisk kausativ frå adjektiv, med vokalveksling:
    • kvasskvesse 'få til å bli kvass'
    • våtvæte 'få til å bli våt'
    • lausløyse 'få til å bli laus'
  • morfologisk kausativ frå verb, med vokalveksling:
    • liggjeleggje 'få til å liggje'
    • sitjesetje 'få til å sitje'
    • fallefelle 'få til å falle'
  • morfologisk kausativ frå verb, utan endring i form:
    • koke1 'gå boblande over i dampform når det blir tilført varme' ⇨ koke2 'få til å koke1'
    • knuse1 'gå i mindre delar' ⇨ knuse2 'få til å knuse1'
    • smelte1 'bli rennande' ⇨ smelte2 'få til å smelte1'
  • kausativ samansetning med adjektiv:
    • blidblidgjere 'få til å bli blid'
    • klarklargjere 'få til å bli klar'
  • syntaktisk kausativ frå adjektiv:
    • gladgjere glad 'få til å bli glad'
    • friskgjere frisk 'få til å bli frisk'
  • syntaktisk kausativ frå verb:
    • lefå til å le
    • sovnefå til å sovne

Danninga av ein kausativkonstruksjon fører alltid til at ein ekstra deltakar (semantisk rolle) blir med i situasjonen.

  • éin deltakar: Kniven er kvass. ⇨ to deltakarar: Eli kvesser kniven.
  • éin deltakar: Ungen ligg. ⇨ to deltakarar: Eli legg ungen.
  • to deltakarar: Marius reparerer bilen. ⇨ tre deltakarar: Eli fekk Marius til å reparere bilen.
  • tre deltakarar: Jørn gav Audun eit eple. ⇨ fire deltakarar: Anders fekk Jørn til å gje Audun eit eple.

Kausativ i romanske språk

Fleire romanske språk har ein syntaktisk kausativkonstruksjon som liknar den norske som er illustrert med få til å le, men som skil seg frå den norske konstruksjonen ved at objektet/kausatus står etter det andre verbet. Dei to verba i fransk faire rire 'få til å le' kan ikkje ha noko objekt mellom seg — jamfør posisjonen til Jan og Jean i desse to setningane:

  • norsk: Klovnen fikk Jan til å le.
  • fransk: Le clown a fait rire Jean. 'Klovnen fekk Jean til å le.'

Kausativ i indoariske språk

Indoariske språk som hindi og urdu har fleire morfologiske kausativkonstruksjonar. Frå ro-nā 'gråte' (der -nā er eit infinitivsuffiks) kan ein danne det kausative verbet ru-lā-nā 'få til å gråte'. Kausativ-suffikset -lā blir lagt til rota, og vokalen i rota blir endra. Her er eit eksempel:

  • Munnī ro rahī hai, kis ne rulāyā hai? 'Munnī græt, kven har fått ho til å gråte?'
  • منّی رو راﮨﯽ ﮨے، كس نے رلايا ﮨے؟

Kausativ i samiske språk

Dei samiske språka har ein morfologisk kausativkonstruksjon med fleire fleire tydingsnyansar. I nordsamisk vekslar kausativsuffikset mellom -h- og -htt- (avhengig av fonologisk posisjon), og vi finn mellom anna desse tydingane:

  1. få til å, setje til å
  2. med hensikt la
  3. ikkje hindre i å, vere så uheldig å

Desse setningane illustrerer desse tydingane:

  1. Goarrut 'sy' ⇨ kausativ goaruhit, her 'setje til å sy':
    • Dat láve álo goaruhit mu. 'Ho plar alltid setje meg til å sy.'
  2. Geahččat 'passe, gjete' ⇨ kausativ geahčahat, her 'med hensikt la passe':
    • Geasa don geahčahat bohccuidat? 'Kven lèt du passe reinsdyra dine?'
  3. Gahččat 'falle, dette' ⇨ kausativ gahčahit, her 'vere så uheldig å ikkje kunne hindre frå å falle':
    • Mun gahčahin gohpu láhttái. 'Eg var så uheldig å miste koppen i golvet.'

I tyding 2 står objektet i illativ, medan det står i akkusativ i tyding 1 og 3.

Kausativ i grønlandsk

Grønlandsk har tre kausativsuffiks med desse tydingsskilnadene:

  1. -tippaa, -sippaa 'få nokon til å gjere noko'
  2. -qquaa 'be nokon om å gjere noko'
  3. -tarpaa, -sarpaa 'å prøve å få nokon til å gjere noko'

Her er eit døme på kvar type:

  1. Qimmeq nerivoq 'Hunden et' ⇨ kausativ: Qimmeq nerisippara 'Eg får hunden til å ete, eg matar hunden'
  2. Mads ingippoq 'Mads sette seg' ⇨ kausativ: Lisep Mads ingeqquaa 'Lise bad Mads om å setje seg'
  3. Atuartoq atuarfimmut aggerpoq 'Eleven kjem til skulen' ⇨ kausativ: Ilinniartitsisup atuartoq atuarfimmut aggersarpaa. 'Læraren prøver å få eleven til å kome til skulen'

Kausativ i kinesisk

I dei kinesiske språka finst det berre syntaktiske kausativkonstruksjonar, sidan avleiing så å seie er heilt fråverande. I mandarin lagar ein kausativ med verba 使 shǐ 'få til å' og 让 ràng 'la':

  • 她睡觉。 Tā shuìjiào. 'Ho søv.'
  • 我使她睡觉。 Wǒ shǐshuìjiào. 'Eg fekk ho til å sove.'
  • 我让她睡觉。 Wǒ ràngshuìjiào. 'Eg lét ho sove.'

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dixon, R. M. W. 2012. Causatives. Kapittel 24 (s. 239–293) i Basic linguistic theory. Volume 3. Further grammatical topics. Oxford: Oxford University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg