Kattepinnen vart kasta mot eit kumlokk eller ein teikna sirkel.
Kattepinnen vart kasta mot eit kumlokk eller ein teikna sirkel.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kattepinn er ein leik der ein kastar ein pinne med tal på og får poeng etter bestemte reglar. Leiken var særleg mykje brukt i Bergen.

Kattepinnen er opp til 12 cm lang, rektangulær med flate sider, og spissa i begge endane. Kvar side har eit tal, tradisjonelt var dette romartala II (2), IIII (4), VI (6) og X (10). Spelarane skal kaste pinnen mot ein sirkel, til dømes eit kumlokk, frå ein avstand på rundt 10 meter. Treff ein ikkje ringen, må ein stå over til neste runde. Treff ein inni sirkelen, og sida med X ligg opp, får ein 50 poeng. Ligg II, IIII eller VI opp, skal spelaren vippe pinnen opp med foten så mange gonger som talet tilseier, og sparke han så langt vekk frå sirkelen som mogleg.

Når ein spelar er ferdig med sin tur, skal motspelaren tippe kor mange fot, skritt eller hopp det er frå pinnen og tilbake til sirkelen. Tippar han riktig, får han like mange poeng som talet han har tippa. Tippar han feil, får han ingen poeng. Uansett om det er riktig eller feil, er det då neste mann sin tur.

Reglane var ofte litt ulike, alt etter kvar leiken gjekk føre seg eller kva spelarane vart einige om.

Kattepinn er mest kjend som ein leik frå Bergen, men vart og nytta andre stader i landet. I Kristiansund var leiken kalla «niks». Der var pinnen spissa i berre to endar, ikkje fire, og dermed kunne den sprette lenger.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Pettersen, John Roald: Kattepinn og sørphøne. Barn i vest for 100 år sidan. Selja forlag 2005.
  • Hoff-Jenssen, Jørgen: Gamle barneleker i Kristiansund. Nordmøre museum, Årbok 2003.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg