kaste på stikka

Gutar som kastar på stikka, foto fra Tøyen i Oslo omkring 1950.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY 3.0
Det finst mange varianter av "kaste på stikka". Dette er klassikaren.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kaste på stikka er ein leik eller eit spel der ein kastar myntar mot ein pinne (stikke) som er sett ned i bakken, eller mot ein strek, ein sirkel eller ein vegg. Den som kjem nærast målet, vinn. Eit anna namn på leiken er å spele mynt.

Å kaste på stikka var ein svært vanleg vår-aktivitet som var særleg populær frå 1950- og 1960-talet. Den beste mynten å spele med var femøringen av kopar, som var passe tung. Om ein ikkje hadde myntar å spele med, kunne ein lage spelemyntar av for eksempel ei brus- eller ølkork som vart banka flat.

Reglar

Dette treng du:

  • ein haug med myntar, gjerne gamle femøringar.
  • eit eigna uteområde, gjerne hardtrakka jord, grus eller sand.
  • Ei stikke (pinne) eller eit anna mål å kaste mot.

Slik gjer du:

  • Sett stikka i bakken og teikn ein strek i passe avstand, for eksempel 3–5 meter. Hvis du ikkje har ei stikke, kan du teikne ein strek, ein sirkel med eit sentrum, eller kaste mot ein vegg.
  • Deltakarane står bak kastestreken og kastar ein og ein mynt etter tur, og prøver å kome så nær målet som mogleg.
  • Den som kjem heilt nær målet, treng ikkje kaste meir. Dei andre kastar til dei får ei betre plassering, eller så lenge dei har myntar.
  • Den som har ein mynt nærast målet, er vinnaren.
  • Vinnaren samlar alle myntane inni hendene og bestemmer om han vil ha kron eller mynt. Deretter ristar han myntane og slepp dei ned på bakken. Dersom han har valt kron (den sida av mynten med bilete av kongen eller kongekrona), vinn han alle myntane som ligg med kron opp.
  • Den som låg som nummer to i spelet, får riste myntane som nummer to. Og så vidare.

Det finst ei rekkje ulike variantar av spelet og ulike reglar ein kan følgje.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg