Karbonlekkasje er når klimagassutslepp flyttast frå eit område til eit anna, som følge av at det første området innfører tiltak for å redusere utsleppa.

Eit døme på karbonlekkasje kan vere dersom ei industriverksemd blir pålagt å kjøpe klimakvoter eller betale CO 2 -avgift i Noreg, og på grunn av dette flyttar til eit anna land. Dette vil redusere dei norske klimagassutsleppa, men det vil ikkje ha nokon effekt på klimaet fordi utsleppa har auka like mykje i landet verksemda flytta til.

EUs kvotesystem og kompensasjonsordning

Det er vanskeleg å talfeste karbonlekkasje, for ein kan aldri vite sikkert korleis situasjonen ville ha vore under andre omstende. Karbonlekkasje har først og fremst vore tema i EU, der ein frykta slik lekkasje i samband med etableringa av EUs klimakvotesystem (EU-ETS). Ved utforminga av EU-ETS blei det difor laga ei liste over bransjar som blei oppfatta som spesielt utsette for karbonlekkasje. Bedrifter innanfor desse bransjane blei kompenserte ved at dei fekk utdelt mesteparten av utsleppskvotane sine gratis i staden for ved auksjon. Då kvotesystemet blei revidert i 2017, blei det bestemt å vidareføre ordninga i perioden 2021–2030.

Noreg har ei tilsvarande ordning, der kraftkrevjande industri kan få kompensasjon for karbonkostnader i kraftprisen, for å hindre karbonlekkasje.

Kompensasjonsordninga i EU er blitt kritisert fordi studiar ikkje har greidd å prove at karbonlekkasje skjer, og fordi kompensasjonen i ein del tilfelle i staden har gått til profitt for forureinaren.

Andre tiltak mot karbonlekkasje

Eit anna tiltak for å unngå karbonlekkasje kan vere å innføre ein importavgift på varer som krev store klimagassutslipp å produsere. Ein slik avgift kan sikre like vilkår mellom industrien i land med og utan regulering av klimagassutslepp. EU arbeider for å innføre ein slik importavgift, kalla Carbon Border Adjustment Mechanism, frå 2026.

Det sikraste tiltaket mot karbonlekkasje er likevel å sikre at alle land arbeider for å redusere klimagassutsleppa sine, slik at det ikkje er lettare å forureine i somme land enn i andre. I prinsippet skal Parisavtalen etter kvart redusere risikoen for karbonlekkasje, sidan alle land vil måtte regulere klimagassutsleppa sine i eit eller anna omfang.

Les meir i Store Norske Leksikon:

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg