Kappgribb
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Kappgribb er ein fugl i haukefamilien og ein av dei største rovfuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Sørlege Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Gyps coprotheres
Beskriven av
(Forster, JR, 1798)

Som vaksen er fuglen ca. éin meter lang og veg rundt åtte kilo.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, temperert grasmark, fjellsider og knausar, fuktig tropisk skog og tørr savanne. Kappgribb lever av åtsel som han finn på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 55 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fire månader etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av fire til fem år.

Kappgribb lever vanlegvis i rundt 20 år, men enkelte individ kan bli opptil 41 år gamle.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kappgribb
Gyps coprotheres
Artsdatabanken-ID
175198

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg