kappe land

Kappe land er ein leik der ein ved å kaste ein kniv i bakken konkurrerer om å ta dei andre deltakarane sine «land». Leiken var tidlegare brukt over store delar av Norge, og var truleg mest populær på 1950- og 1960-talet.

Reglar

Finn ein stad med jord eller sand som du kan teikne strekar i, mjuk nok til at ein kniv kan stå i bakken. Teikn opp ein sirkel på bakken, til dømes to meter i diameter. Del sirkelen inn i «kakestykkje» eller «land», like mange som det er deltakarar. Tre til fem deltakarar kan vere passande.

Når du startar, står du inne i ditt land, og kastar kniven slik at den står med spissen ned i eit av dei andre landa. Deretter teiknar du ein strek i same retning som knivbladet står, og har dermed erobra den delen av nabolandet som er nærast ditt eige. Kvar deltakar får eitt kast kvar i kvar omgang. Om kniven ikkje blir ståande i bakken, er det nestemann sin tur. Slik held ein fram til ein av deltakarane har så lite land igjen at han ikkje kan stå i landet sitt på ein fot. Då er denne deltakaren ute av spelet. Den som står igjen til sist, er vinnar.

I staden for kniv, kan ein også bruke ein syl.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Norås, Thor G.: Barnet i liv og leik. Barnekultur i en brytningstid. Dreyer bok. Stavanger 1974.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg