Kamelot var trolig opphavleg eit vevd stoff med lerretsbinding av kamel- eller geitehår. Etter kvart vart det vanleg å kalle kalandrert toskaftstoff av ull for kamelot. Kamelot kan vera einsfarga eller mønstra.

Faktaboks

Etymologi

av fransk camelot, uvisst tyding

Også kjend som
kamelott, camelot

Best kjent er ullstoffet kamelot, som gjerne vart glansa i form av kalandrering. Det liknar på ein stofftype som i nokre dialektar er kalla alpakka.

Historikk

Kamelot tilverka av geite- og kamelhår er omtalt allereie på 1200-talet. Seinare vart kamelot laga i andre kvalitetar, på 1700-talet mellom anna av ull (og kamelhår) eller silke (og kamelhår), av og til med innvovne gull- eller sølvtrådar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Haugen, Bjørn Sverre Hol (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Imsen, Steinar og Harald Winge: Norsk Historisk Leksikon, 1999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg