kalemank (tekstil)

Av .

Artikkelstart

Kalemank er eit handelsnamn på blankt, fint stoff av rein ull eller blandingar av ull og silke og/eller geitehår. Som regel er det vove i atlask- eller kypertbinding, gjerne i kombinasjon med flotterande mønsterbindingar.

Faktaboks

Også kjent som
calemank

Stoffet er kalandrert for å bli blankt og fast.

I Noreg er damaskvoven kalemank med eller utan brosjering det vanlegaste, men kalemank kan også vere stripete eller ha andre typar mønster i ein eller fleire fargar, eller vere utan mønster.

Kjent produksjonsstad for kalemank er Norwich i England. Kalemank vart eksportert herfrå, mellom anna til Noreg og andre delar av Europa. Kalemank vart brukt mellom anna til klede og møbelstoff.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg