juleroseslekta

Helleborus-blomar

Juleroseslekta er ei slekt av fleirårige urter i soleiefamilien som består av omlag 20 artar. Artane i slekta er heimehøyrande i Europa og i Asia.

Faktaboks

Også kjent som
Helleborus

Skildring

Plantene i juleroseslekta har store, delte blad. Blomane er samansett av store begerblad i ulike sjatteringar, og små røyrforma og nektarberande kronblad. Blomane vert pollinert av insekt, og frukta som vert danna, er ein belgkapsel. Alle plantene i slekta er giftige.

Bruk

Fleire av artane i slekta vert nytta som prydplanter. I Noreg er særskild julerose, H. niger, med svart jordstengel og kvite begerblad, ei populær plante til jul.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Slekt Juleroseslekta Helleborus
Familie Soleiefamilien Ranunculaceae
Orden Soleieordenen Ranunculales
Klasse Tofrøbladete planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøete planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg