Jarlsberg
Jarlsberg
Av .

Jarlsberg er ein norsk pasteurisert kvitost av kumjølk i sveitsisk stil med middels store, runde hol. Osten blei utvikla ved Noregs landbrukshøgskule i løpet av ein tiårsperiode frå rundt 1955 under leiing av professor Ole Martin Ystgaard.

Utvikling

Under utviklinga av osten blei det særskilt arbeidd med holsetjinga, og ein spesiell kultur av propionsyrebakteriar blei tilsett ystemjølka. Dette gav ei jamn holsetjing samstundes som smaken blei spesiell. Den nye osten fekk namnet Jarlsberg etter ein sveitserostliknande type ved same namn som blei laga ved fleire ysteri i Jarlsberg og Larviks amt (Vestfold) på midten av 1800-talet og fram til 1916.

Tilverking

I Noreg blir osten tilverka som ostehjul på ti kilo ved Tine SAs meieri i Elnesvågen i Møre og Romsdal. Ved Tine Meieriet Jæren på Nærbø i Rogaland og ved meieriet i Verdal blir det tilverka skorpefri Jarlsberg. Feittinnhald i osten er 27 prosent. Osten blir også tilverka i ein lett variant med eit feittinnhald på 16 prosent.

Eksport og lisens

Osten er blitt populær i utlandet og blir i dag produsert både i Iowa i USA (skorpefri) og i Irland (heile hjul og skorpefri), i tillegg til at det blir eksportert norskproduserte heile hjul.

Varemerke

Namnet på osten, Jarlsberg, er eit registrert varemerke som er eigd av Tine SA. I februar 2016 blei Tine SA utfordra av Synnøve Finden AS, som lanserte osten Kongsgård med undertekst på pakninga: «av jarlsbergost-type». Tine SA avviste at dette kunne vere lovleg, og fekk medhald både i Follo tingrett og Borgarting lagmannsrett i eit mellombels forbod for Synnøve Finden mot å bruke varemerket Jarlsberg. Ein vidare anke til Høgsterett blei i september 2016 forkasta av Høgsteretts ankeutval. I desember 2016 inngjekk partane forlik i saka.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg