Jødespansk er eit romansk blandingsspråk som utvikla seg på 1200- og 1300-talet blant jødar på den iberiske halvøya ved at dei tok opp hebraiske ord i spanske dialektar. Jødespansk er førstespråket til om lag 100 000 menneske i Israel, 8000 i Tyrkia, 1000 i Hellas, 300 i USA og eit ukjent tal andre stader. Språket har ingen offisiell status nokon stad.
Språket går under fleire andre namn: sefardisk, judesmo, judeoespañol, djudeo-espanyol eller ladino. Ladino er rett nok eigentleg ei nemning som vart brukt om direkte omsetjingar frå hebraisk til spansk, men blir i dag ofte brukt synonymt med jødespansk.
Då jødane vart fordrivne frå Spania på 1400-talet, vart jødespansk språket til dei sefardiske jødane i det søraustlege Europa og Tyrkia. Det utvikla seg to ulike dialektformer: orientalsk jødespansk (Konstantinopel, Smyrna, Rhodos) og vestleg jødespansk (Saloniki og Balkanlandene). Det vart etter kvart påverka av gresk, tyrkisk, arabisk og fransk. Jødespansk har bevart mange syntaktiske særeigenskapar, arkaiske, til dels dialektale former og uttale som ikkje lenger blir nytta i spansk. Språket vart opphavleg skrive med det hebraiske alfabetet, men i dag blir òg det latinske alfabetet brukt.
Vanlege endonym for språket er djudeo-espanyol 'jødespansk', djudezmo, djudio 'jødisk', ladino og sefaradí 'sefardisk'. Ein person som høyrer til den etniske gruppa, er ein sefaradí 'sefard'. Viktige land: Espanya 'Spania', Marroko 'Marokko', Turkiya 'Tyrkia', Gresia 'Hellas' og Israel 'Israel'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.