Iserosjon. Topografien i eit landskap før istida.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Isdekket (blått) i det same landskapet under istida. Isen sig langsamt same veg som underlaget skrånar.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Topografien i landskapet slik det er endra etter istida. Slike U-dalar er typiske resultat av iserosjon.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Iserosjon er utgraving av landskapet gjennom at isbrear rører på seg. Breane sig langsamt framover den vegen underlaget skrånar. På undersida av tempererte brear finst der stein og grus som sliper underlaget glatt. Dette dannar såkalla skuringsstriper i fjellet.

Faktaboks

Uttale
ˈiserosjˈon

Temperaturen i botnen av dei «tempererte» breane er alltid omkring smeltepunktet. Smeltepunktet er avhengig av trykket, som varierer noko når isen flyttar på seg over eit ujamt underlag. Dimed vil det stundom finnast både is og vatn i botnen av breen, og stundom berre is. Når smeltevatn trengjer inn i sprekker i underlaget og frys, sprengjer det fjellet i stykke (frostsprenging). Massive, harde og seige bergartar klarer seg betre enn sprokne berg der stykke for stykke vil forsvinna.

Verknad

Bergknattar som har vore utsette for iserosjon eller isskuring, er glattslipte og blankpolerte på den sida som vender mot rørsla til isen, støytsida, men ujamne og bratte på le-sida. Desse blir kalla rundsva. Breen vil grava ut lausare lag, særleg der berget er oppsprokke, og då helst der sprekkane går i same retning som rørsla til breen. Mange små, dalliknande kløfter er danna på denne måten.

Oppe i høgfjellet verkar frostsprenginga sterkt. Dei laussprengde steinane dannar urer som i ei viss grad vernar berga mot vidare øydelegging. Men ligg det ein bre ved foten av berget, vil breen transportera dei laussprengde steinane bort etter kvart som dei fell ned, og det vil då ikkje dannast noka ur. Berget, som blir halde nakent, blir stadig utsett for ny sprenging. Slik arbeider breane seg inn i fjellsidene samstundes med at dei fordjupar leiet sitt. Mindre brear i fjellsider grev ut ein botn (tysk kar, fransk cirque), det vil seia ei fordjuping med flat eller konkav botn og stupbratte vegger. Held iserosjonen fram, veks botnane saman så det blir berre smale egger og tindar mellom dei (alpint landskap). Tiner breen bort, står det gjerne eit vatn i botnen.

Større dalbrear grev også ut leia sine, både i djupna og breidda. Tverrprofilet blir då som ein open U, i motsetnad til ein dal som er graven ut av ei elv, der profilet blir V-forma. I lengdeprofil blir dalen samansett av ei rekkje grunne trau med tersklar imellom. Forsvinn så breen, blir det i dalbotnen ståande ei rekkje av sjøar, som delvis kan vera oppdemde av morenar. På same måte er fjordane danna. Karakteristisk for dalar som er gravne ut ved iserosjon, er at sidedalane ofte munnar ut i hovuddalen høgt oppe i lia (hengande dalar). Elva kan grava ut tronge gjel i dei bratte avsatsane.

Iserosjonen er den kraftigaste av alle nedtærande krefter på Jorda. Elvane under breen, som tek med seg det meste av erosjonsmaterialet, er difor grumsete av grus og leire. Ein vanleg dalbre, som til dømes Storbreen i Jotunheimen, førar normalt bort over 300 tonn per kvadratkilometer av underlaget i løpet av eitt år. Iserosjon har i stor grad forma overflata av Noreg, og skapt det typiske iseroderte landskapet med ulike former som fjordar og fjorddalar (U-dalar), botnar og tindar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg