ionemotor

Artikkelstart

Ionemotor er ein type rakettmotor som virker ved at ioner vert akselerert til høg hastighet og dreve ut av motoren i motsett retning av fartsretninga. Den motsatt retta rekylen vil dermed skubbe fartløyet framover. Ein slik motor vil kreve høge spenningar for å lage eit elektrisk felt sterkt nok til å gi den energien som trengst til å stråle ut ionane. Denne energien kan bli produsert av til dømes kjernereaktorer i store romfartøy eller ved solceller i mindre satellittar.

Faktaboks

Uttale
iˈonemotor

Slike motorar leverer oftast ganske låg skyvekraft, men dei er svært effektive (har høg spesifikk impuls) og treng ei lita mengde drivstoff. Dei kan gjerne ha lang diftstid, som gir akselerasjon over lang tid. Dette kan vere nyttig for til dømes kontinuerleg banekontroll av satellittar i låg bane, eller for interplanetariske romfartøy.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg