Investeringsavgift var fram til 2002 namnet på ulike former for skatt eller avgift på innkjøp av realkapital (til dømes bygningar, maskiner og transportmiddel). Vanlegvis blei investeringsavgifta fastsett som ein viss prosentsats av verdien til kapitalgjenstanden.

Faktaboks

Uttale
investˈeringsavgift

I Noreg hadde ein lenge i praksis investeringsavgift ved at den alminnelege omsetnadsavgifta blei oppkravd også på mange former for kapitalvarer. Ved overgangen frå omsetnadsavgift på siste omsetnadsledd til meirverdisystemet (moms) blei det av tekniske grunnar naudsynt med særskild investeringsavgift, og ordninga blei innført i 1969. Ho var opphavleg på 13 prosent, og frå 1989 var ho på 7 prosent. Etter kvart blei ei rekkje kapitalvarer fritekne for investeringsavgift, og avgifta fall heilt bort i 2002.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg