Inventorium er eit standardisert spørjeskjema eller ei psykologisk prøve i form av spørsmålsliste eller samling av utsegn personen skal ta standpunkt til. Desse er valde ut slik at svara til saman skal kunne gi eit bilete av vesentlege eigenskapar hos personen som blir prøvd.

Faktaboks

Uttale
inventˈorium
Etymologi
same ord som inventar

Det er laga inventorier for mellom anna å måle haldningar, interesser, emosjonell tilpassing og ulike personlegdomstrekk. Det mest kjende inventoriet er MMPI (Minnesota Multiphasic Personality Inventory), som består av i alt 550 utsegner og blir brukte av kliniske psykologar for å diagnostisere ulike former for personlegdomsforstyrringar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg