Inuittisk er eit språk i den eskimoiske greina av den eskimoisk-aleutiske språkfamilien. Det blir snakka av inuittar i Alaska, Canada og på Grønland.

Faktaboks

Uttale

inu'ittisk

Etymologi

inuitt kjem av inuittisk inuit, som er fleirtal av inuk 'menneske'

Også kjend som

eskimoisk

Inuittisk blir tala av kring 100 000 menneske over eit område som strekkjer seg over 6500 kilometer frå Beringsundet mellom Sibir og Alaska i vest til Danmarkssundet mellom Grønland og Island i aust. Den nordlegaste inuittiske busetnaden er Thule (Avannarsuaq) på Nordvest-Grønland på 78° nord og den sørlegaste, 3000 kilometer lenger sør, er byen Happy Valley i Labrador på 53° 15' nord. Dialektane over heile dette området er innbyrdes forståelege.

Stoda for inuittisk

Det er ein klar skilnad på stoda for inuittisk på Grønland og i Canada og USA. På Grønland snakkar 97 prosent av dei lokale innbyggjarane ein dialekt av grønlandsk: vestgrønlandsk, austgrønlandsk eller thuledialekten. Grønlandsk er det einaste offisielle språket og blir nytta i utdanning, frå førskule og grunnskule (sidan 1905) til Ilisimatusarfik (Grønlands universitet) – og i administrasjon og media. Landet har også utvikla ein grønlandsk nasjonal identitet.

I USA – det vil i denne samanhengen seie delstaten Alaska – har engelskspråklege skular, europeiske settlarar og ein låg status for kulturen og språka til urfolka ført til ein nedgang i bruken av inuittisk. Urfolkspråk har ingen offisiell status i Alaska.

Stoda er om lag den same i Nordvest-Canada og Nord-Labrador. I det nordaustlege Canada blir framleis dialekten inuktitut snakka, men språket er truga av ein sterk engelskspråkleg økonomisk og kulturell dominans.

Ved opprettinga av territoriet Nunavut ('landet vårt' på inuktitut), som blei skilt ut frå det kanadiske Nordvestterritoriet i 1999, fekk inuittisk offisiell status attåt engelsk og fransk (dei to offisielle språka i heile Canada), men i praksis er det uklart om inuittisk verkeleg har same status som dei to europeiske språka. Ei positiv utvikling er at inuittiske stadnamn har blitt offisielt godkjende over heile Canada.

Slekskap og dialektar

Den eskimoiske greina av eskimoisk-aleutisk, også kalla eskaleutisk, har tre undergrupper:

  1. inuittisk
  2. jupik i Alaska og Sibir (fire språk)
  3. sirenik i Sibir, den siste talaren døydde i 1997

Ein reknar med fire inuittiske dialektgrupper:

  • inupiaq i det nordlege og nordvestlege Alaska
  • inuktun i det nordvestlege Canada (Mackenzie-kysten og Kitikmeot-området i Nunavut)
  • inuktitut i det nordaustlege Canada (Nunavik, Nunatsiavut og Kivaliq- og Baffin-områda i Nunavut)
  • kalaallisut eller grønlandskGrønland

Desse fire dialektgruppene kan reknast som eitt språk, som blir tala av kring 100 000 menneske av ei etnisk gruppe på noko over 130 000. Trass i den dialektale variasjonen er det lettare for inupiaq-talande i Alaska å forstå kalaallisut-talande frå Grønland enn å forstå språket til dei jupik-talande naboane sine.

Språkleg struktur

Grammatikk

Alle inuittiske dialektar har den same grunnleggjande grammatiske strukturen, og ein stor del av ordbasane (røtene) finst i alle dialektane.

Typologisk blir inuittisk karakterisert som eit polysyntetisk språk – ein eigenskap det deler med dei fleste nordamerikanske urfolkspråk. Dette inneber mellom anna at talarane kan lage dei orda dei treng ved å leggje leksikalske og grammatiske suffiks til ei rot – i samsvar med nokre allmenne reglar. Inuittisk brukar dimed ofte eitt enkelt langt ord der ein på europeiske språk brukar ei heil setning. Dette kan illustrerast med eit eksempel frå inuktitut, dialekten i Nordaust-Canada:

  • Inuktitut uqarumajualuujunga 'eg vil svært gjerne snakka inuktitut'

Bokstavleg tyder det 'eg er ein stor ein som ønskjer å snakke slik som menneske', og kan analyserast slik:

  • inuk- 'menneske' (nominal rot)
  • -itut 'slik som' (kasussuffiks, simulativ)
  • uqa(q)- 'snakke' (verbal rot)
  • -ruma- 'ønskje' (leksikalsk suffiks)
  • -ju- 'ein som gjer noko' (grammatisk suffiks)
  • -alu- 'stor' (leksikalsk suffiks)
  • -u- 'vere' (leksikalsk suffiks)
  • -junga 'eg' (grammatisk suffiks)

Fonologi

Alle dialektar har tre korte (i a u) og tre lange (ii aa uu) vokalar, som varierer noko i uttale etter kva konsonantar dei står ved sida av. Ein har rekonstruert eit ekstra vokalfonem *ǝ for urinuittisk. Det finst framleis i jupik og kan ha funnest i vestgrønlandsk heilt fram til 1700-talet.

Konsonantsystemet er jamt over også svært likt, og desse konsonantane finst i alle dialektar:

Labial Alveolar Palatal Velar Uvular
p t k q
m n ŋ
s
ʋ l j ɣ ʁ

Ein påfallande dialektskilnad med omsyn til konsonantane gjeld i kva grad det finst konsonantgrupper. Her er to eksempel:

'Vegar' 'Tenar'
Alaska og Nordvest-Canada apqutit kivgaq
Nordaust-Canada aqqutit kiggaq
Vest-Grønland aqqutit kiffaq

I områda imellom finst det ein gradvis overgang. Konsonantgruppene er eit konservativt drag. Legg òg merke til at den gamle gruppa vg [ʋɣ] har utvikla seg forskjellig i Nordaust-Canada og Vest-Grønland.

Forhistorie

Det er eit utbreitt syn mellom folk som forskar på eskimoisk-aleutisk, at skiljet mellom eskimoisk og aleutisk skjedde om lag 2000 år fvt. i det vestlege Alaska. Dei som etter kvart snakka aleutisk, byrja på den tida migrasjonen til Aleutane, mens andre grupper, såkalla paleo-eskimoar, byrja migrasjonen austover mot Canada og nådde Grønland etter mindre enn tusen år. For om lag 2000 år sidan kryssa sirenik-eskimoane Beringsundet og slo seg ned lengst aust i Sibir.

Men forfedrane til dei inuittisk-talande utvandra frå Nord-Alaska mykje seinare. For om lag 800–1000 år sidan drog urinuittisktalande grupper, såkalla neo-eskimoar – austover til Nordvest-Canada, der nokre av dei slo seg ned, mens andre vandra vidare til Nordaust-Canada og over til Grønland oppe ved Thule. Denne raske og nylege migrasjonen forklarer den store geografiske utbreiinga til inuittisk.

Dei første neo-eskimoane nådde Grønland omkring 1000 evt., oppe i nordvest, men det kom fleire grupper seinare, og dei busette seg nedover vestkysten, der dei støytte på den norrøne busetnaden. Det var ikkje før den norrøne folka forsvann frå Grønland på slutten av 1400-talet at inuittane kunne slå seg ned langs heile Vest-Grønland.

Namnet inuittisk

Namnet inuittisk er danna av ordet inuitt, ordet som frå 1970–1980-talet etter kvart erstatta eskimo, som til dels — men ikkje av alle inuittar — blir sett på som diskriminerande. Inuitt er lånt frå inuttisk, der det heiter inuit og er fleirtal av inuk, som tyder 'menneske'. At det på norsk heiter inuitt og inuittisk i staden for inuit og inuitisk, kjem truleg av ein misforstått analogi med suffikset -itt i ord som israelitt, semitt og arendalitt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dorais, Louis-Jacques 2010. The language of the Inuit. Syntax, semantics, and society in the Arctic. Montreal & Kingston / London / Ithaca: McGill-Queen's University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg